fredag 16. januar 2015

Ut av uføret, men framleis ufør.


Ei sportsmatte, ei pute og eit lesebrett, og vips: Eg er klar for møte i formannskapet. Og så en sjåfør; Det heldt eg på å gløyma. Det må eg også ha.

Denne bloggen er no 4 år gamal. Målet var å arbeida meg ut av uføret, og bli deltakar i arbeidslivet igjen. Slik har det ikkje gått.

Men eg har fått innsyn i mange andre uføre sin kvardag, sett mange tårer og delt fortvilinga over dalande sjølbilete.

Likevel, etter sju år med politisk arbeid som ufør, der dei andre politikarane og journalistane må trø over meg der eg ligg på sportmatta, nesten under journalistane sitt bord, er eg nøgd med situasjonen på sett og vis.

Eg kan spøka med at det er mange politikarar som ikkje har ryggrad, og no har folk endeleg fått ein politikar som legg seg flat, men som likevel reiser seg og står for noko.

Men alvoret ligg under; sorga over tapt helse. Ut av det mentale uføret har eg likevel kome, i alle fall delvis. Lenge var det pinleg stille ved presentasjonsrunden når nye folk møttest. "Ikkje i arbeid", "Ufør", er ikkje  vanlege stillingskategoriar der eg ferdast til tider. No har eg begynt å seia det slik det er:
Eg har ein øydelagt rygg og eit godt liv.
Det er mange som har det motsatt,
og eg vil ikkje byta med dei.