søndag 15. desember 2013

Me vel sjølv vår eiga historie

Nei, me vel ikkje alltid korleis livet vårt er. Mykje av det me har opplevd, har prega oss. Me kan ikkje berre ta det vekk. Det er ein del av livshistoria vår.

Men når eg fortel om meg sjølv og livet mitt til andre, må eg alltid gjera eit utval. Ingen kan og ingen vil ha "heile stasen".

Eg har høyrt folk eg kjenner ganske godt fortelja om seg sjølv når dei møter nye menneske. Av og til har eg tenkt:"Oj, var det den delen av livet han ynskte å fortelja om. Var det eit slikt bilete han ville den andre skulle ha?" Nokon gonger er sjølvpresentasjonen meir positiv enn eg hadde venta. Andre gonger er han meir negativ.

Fordi eg er blitt arbeidsufør, er eg nok blitt svært medviten kven eg vil at folk skal tru at eg er. Tidlegare var det nok å presentera tittel, stilling og arbeidsstad. Når eg ikkje har noko slikt å visa til, er det som om eg er forplikta til å gå nærare meg sjølv når eg hentar fram opplysningar som kan gi andre sjanse til å bli kjende med meg. Av og til gjer eg det, av og til ikkje. Når eg gjer det, har eg ei uro i magen etterpå dersom eg fortel historia om henne som meistra det meste til ryggen melde pass. Ei god kjensle har eg dersom eg trur den eg har møtt har fått med seg at livet kan vera godt sjølv om det ikkje er friskt og "normalt".

Ærleg og sann skal historia vera. Men eg vel likevel historia. Ikkje fordi eg vil glatta over det vanskelege, men fordi eg veit at historia eg fortel i stor grad vil vera avgjerande for kven andre oppfattar at eg er. Og eg vil ikkje vera "forhenverande ditt og datt". Eg vil ikkje vera ein som strever med "ditt eller datt". Eg vil vera den som lever det livet eg har, fordi eg berre har eitt. Og det er det som eg kan vera for andre og andre kan vera i mitt liv, som skal bli historia mi framover. Og historia som kjem, er nett no viktigare enn den som har vore.

Er dette å fortrengja sanninga, å skapa si eiga sanning?
Eller er det meistring?

Biletet er laga ein flott haustdag, då eg for fulle såg kor levande skuggane gjer kvardagane våre. Fleire bilete finnest her: Galleri Nauthydlaren

tirsdag 10. desember 2013

Ingenting er svart/kvitt - heller ikkje i Sør-Afrika

Skjermane våre fortel at Mandela skal fylgjast til grava.
Nobel fredspris 2014 skal delast ut
samstundes
i vårt vesle land.

Når nokon døyr
talar me vel
skapar ettermæle.
Godt og vel!

Når nokon får fredspris
talar me vel.
Skaper håp om framtida!
Godt og vel!

Fredspris, riving av raseskille
vegen dit er kronglete.
Farkost og fylgje undervegs
skiftar etter ver og føreforhold.
Steinar ligg i vegen.
snublesteinar
byggjesteinar.

Me teiknar flotte, fargerike bilete
Sjøl om bileta blir mangedimensjonerte
er ikkje alt synleg;
ikkje alle skuggar og gråtonar.
Men me lurer likevel ikkje oss sjøl:
Me veit at dei er der
og lyg ikkje om ikkje alt blir sagt i dag.
Me veit at ingenting er svart/kvitt
ikkje før
ikkje no
heller ikkje i Sør-Afrika.

søndag 10. november 2013

Om skuggane finnest..


Fantastisk
å kunne gå nokre hundre meter langs gamle postvegen
å nyta haustfargane.
Eg tar dei med i hjartet
og legg ein flik av dei over på eit lerret, vel heimkomen.

"Ut av uføret" kalla eg denne bloggen
for lenge sidan
og håpte, trudde, tenkte
at det kanskje var ein veg ut.

Det var det,
men ikkje heilt slik eg tenkte i dei lysaste sekunda.

Eg kan oppleva hausten
utandørs
på eigne bein.

- Men må innrømma:
av og til er det skuggane eg ser,
der dei kryssar vegen.

Dei kan likevel ikkje hindra meg i
å sjå lenger fram:
til ei lysning i skogen.

Dessutan:
Om skuggane ikkje finnest der eg går,
er det enten gråvér
eller så er eg utan bakkekontakt.

***

Biletet er akryl på lerret, 40x40 cm med sveverame i sølv, kr 1500,-  Fleire bilete finn du her:
Galleri Nauthydlaren

mandag 4. november 2013

Det handlar ikkje om kva dei eldre kostar oss

"Ikkje snakk om pengar når det gjeld våre gamle. Dei må ikkje oppleva seg som ein utgiftspost!"

Nei, me skal ikkje sjå på eldre som ein utgiftspost, men det inneber ikkje at politikarar kan la vera å planleggja og tilretteleggja eldreomsorga utifrå kva øknonomi kommunen har og vil ha i framtida.

Er ikkje dette ei sjølmotseiing?

I vår familie har me fire born. Då dei var små måtte me heile tida rekna på kva me kunne gi dei av tilbod, til kvardag og i feriar. Me vurderte kva mat me kunne kjøpa inn, og kva klede me kunne ta oss råd til å bruka.

Me tenkte aldri på kva ungane "kosta oss". Dei var ingen utgiftspost. Me gjorde berre det me kunne for å ha ei sunn hushaldning, slik at både kvardagen og framtida trygg.

Slik er det også med eldreomsorga, slik eg ser det. 

tirsdag 29. oktober 2013

Kven har/tar ansvar for fakta til folket?

"Det er heilt sant, for det stod i avisa".
Det er lenge sidan me var der. Likevel; Me er mange som framleis vil tru at når det kjem opp vanskelege saker, lokalt eller nasjonalt, vil me bli godt orienterte dersom me les avisa. Og når me som politikarar sit i eit møte, omkransa av journalistar som fylgjer med i lange ordskifte, noterer ivrig undervegs, og tar intervju både i pausar og etterpå, har me lett for å tenkja at saka vil bli presentert i si breidde. Men der tar me feil.

Dei fleste aviser tar ikkje mål av seg til å presentera saka i full breidde, særleg ikkje på grunnlag av eit politisk ordskifte. Dei lyttar, noterer, skriv, lagar overskrifter og får kommentarar som gjer saka interessant, poengtert og aktuell. Eg tviler ikkje på at dei samstundes ynskjer å vera faktabaserete, men alle fakta kjem ikkje fram med slik framgangsmåte. Lagar dei gode faktaboksar i tillegg, har dei hjelpt lesarane langt på veg i å skjøna kva det dreirer seg om.

Eg er ikkje journalist, men forstår at det dreier seg om at bladfykane ikkje driv referatjournalistikk. Dei ser det ikkje som si oppgåve å fortelja lesaren kven som meiner kva og kvifor i alle saker. Heller ikkje kva som er historikken i smått og stort.

Men om journalistane ikkje har dette som oppgåve, kven har det då?

Rådmannen?
Rådmannen skal gjera grundig greie for saka i saksframstillinga. Det gir meg, saman med innspel frå dei som til dømes nytter tenesta det gjeld, eit godt grunnlag for vedtak. Saksdokumenta er opne for alle, men ikkje mange les dei. Regjeringa nyttar pressemedlingar der viktige moment blir poengterte, for dermed å leggja føring for vinklinga i saka vidare. Burde kommunane/rådmannen i større grad gjera det same? At ein også tar i bruk sosiale medier som kanal, tar eg som sjølvsagt.

Politikarane?
Ofte har eg gått gjennom saka, slik ho ser ut for mitt parti, både i forkant av vedtak og i etterkant, - for å forklara kva me gjer. Nokon vil hevda at det er meir å forsvara enn å forklara. Det kan dei ha noko rett i. Ansvaret for å opplysa og informera har me uansett. Og skal me få gode debattar som ikkje ender i ordkrig og eit usakleg uføre, må me ta ansvaret på alvor.  Men har me det åleine?

fredag 27. september 2013

God politikk er å ha sideblikk


Det blir snakka
saman
for å sjå om det kan bli
ny regjering.
Ny regjering for god politikk
for oss,
og for dei
me ser
om
me har sideblikk!


Bilete er henta frå: Gallerinauthydlaren. Velkomen innom!

søndag 8. september 2013

Å satsa på læraren?

Treng me betre lærarar?
Ja, seier alle politikarane.

Men,
er me ikkje gode nok?
spør lærarane,
Set de ikkje pris på oss?

I
Tidlegare sa læraren:
Me ynskjer meir etter- og vidareutdanning.
Me treng økonomiske ordningar
til å gje skulane våre kompetanse på område der me treng styrking.
På politikarspråket blir det:
Me treng  flinkare lærarar.
Me vil satsa på læraren.

II
Eg er ein stor syndar, sa han ein dag.
Nei, det er du ikkje, svarte venen.
Neste dag:
Du er ein stor syndar, seier venen.
Kven har sagt det? freser den andre tilbake.

III
Eller:
Me som er uføre.
Me ynskjer ikkje å vera det,
ynskjer ikkje at fleire blir det,
og ser at det kan vera hol i systemet som
slepp nokon få til
som heller burde vore i arbeid.
Men i valkampen
når det blir snakka om "alle uføre",
kryp me saman og vil helst vera usynlege uføre
eller me brusar opp og seier:
Dette er ikkje sant!

Sånn er det berre..


lørdag 31. august 2013

Det skal sterk rygg til..

Haust og tid for maling,

I dag har eg berre nokre få ord å dela:
Det skal sterk rygg til..

*****
Fleire bilete finn du på den digitale utstillinga: 
Galleri Nauthydlaren

mandag 19. august 2013

Tom stol - tom seng. Alzheimer og Facebook.

Å ha ein å dela livet med gjera at livet ikkje treng bli einsamt. Men når den ein lever saman med blir dement, får Alzheimer, må ein kjenna seg einsam sjølv om ein er to. Trur eg. Odvar Omland meir enn trur. Han veit korleis det er. Han har skrive boka: Tom stol - tom seng. Alzheimer og samliv, ei bok om ein ny kvardag, med lyse og tunge tankar, gode og krevjande situasjonar, men alltid med eit forsøk på å vera hjå kona, la henne vera kvinna som han fridde til ein gong, sjølv om han ikkje alltid når fram til henne no. Ei bok som bør lesast.

Odvar skriv også om Facebook som han bruker som dagbok. Dermed deler han av kvardagen sin med oss andre, gir oss eit gløtt inn i ein kvardag ingen heilt kan kjenna utan å ha vore der. Og han er bevisst på å bruka Facebook for å nå oss. Her er alder ingen hindring - han er ein av dei eldste mellom oss.

Odvar ynskjer ikkje at det skal vera noko tabu knytt til å ha Alzheimer. Han vil at han og kona skal vera ei opa bok; om dei vandrar inn på ein restaurant eller møter medmenneske på gata. Og i samtalar vil han fortelja korleis det er. I "varsomme samtaler" som han seier sjølv. "Mitt våpen er blant annet avisinnlegg og korrespondanse med mine venner på Facebook."

Og tilbakemeldingar får han på Facebook. Ofte små kommentarar som viser at venene hans lærer av det han skriv, opplever litt av dagane saman med han, om det er muleg. Ein Facebookven skreiv: "Jeg titter innom statusene dine og blir beriket og litt klokere fordi du rett og slett skildrer hverdagskjærligheten og det å stå sammen i gode og onde dager. Det er vakkert på en inderlig jordnær måte."

Facebook er det du gjer det til. Sladder og tomt vissvas kan delast der. Men mange har  opplevd at sosiale medier kan sørgja for hjelp i sorgprosessen, som eg skreiv om tidlegare på bloggen. Og det kan også gi livshjelp. Odvar seier: Facebook er også blitt en god venn og delvis motvirker ensomhet. Facebook er en god dagbok.

I fjor var Odvar gjest her på bloggen. Du finn helsinga hans her:
En hand å holde i når Alzheimer tar taket

Takk til Odvar Omland for at han skreiv boka:

Tom stol - tom seng
Alzheimer og samliv
Alpha Forlag
2013

lørdag 17. august 2013

Ingen vil vera dumme

Me møter det kvar dag:
Folk trur me er dumme.
Eg ser på han, 
ein oppegåande mann.

- fordi me høyrer dårleg, 
ikkje oppfattar det som blir sagt alltid,
legg han til.

Ein mann viste meg ein handfull tablettar
som han hadde på lur
om det blei for tungt.
Ein annan hadde andre "fluktplanar,
fortalde han.

Fordi han var tunghøyrt?
Nei, fordi han opplevde at andre trudde han var dum.

..

Derfor trur eg på han karen dykkar,
sa han
og peika på Knut Arild Hareide som eg hadde på brosjyra mi.
Menneskeverd, sa han.
Menneskeverd..

..

No er det ikkje berre KrF og Hareide som held fram menneskeverdet,
og i stunda der og då gløymde eg heile partipolitikken
fordi eg fekk tungt for å tenkja 
i møte med dei som har tungt for å høyra 
som opplever:
Dei trur eg er dum

Menneskeverd er altså noko som skal gjerast om til gangbar mynt i kvardagen.
med respekt
og 
augo som ser
alle!

mandag 12. august 2013

Nesten-meistring på Haukeliseter


Tilbake
blant sure strømper
prat om gnagsår
tilbod om niste
støle bein 
tilbakelagde kilometer
vermelding
ryggsekkar

Haukeliseter

Tilbake i peisestova
finn eg ei lun krå
frå rommet ser eg vatnet 
og dagen takkar for seg.

Rommet, 
ja,
for eg har fjellrom, hotellstandard
og det var ikkje mine strømper som var sure,
ikkje mine helar som hadde gnagsår

min etappe for dagen var 300 meter
og det var godt å koma tilbake etter tilbakelagd tur langs vatnet.

Livet er tilpassa livet

No var tida komen for Haukeliiseter
som tilskuar
men likevel tilstades:
nyta fjellufta
sjå landskapet

det var flott
men det var også ein klump i magen
...


Eg tenkjer eg merkar dette innlegget "nesten-meistring"

onsdag 31. juli 2013

Øvre aldersgrense i arbeidslivet hindrar nederlag

"Jeg hadde den lykke å få lov å stå i jobben min i to år etter fylte 70 år. Slik var det avtalt, og jeg følte meg priviligert. Men hvordan skulle min arbeidsgiver bli kvitt meg hvis dette forholdet skulle vare i årevis og etter at jeg ikke lenger var i stand til å skjøtte mine plikter? Kanskje ville han oppdage det før meg. Det ville være et forferdelig nederlag for meg om jeg skulle gå ut av arbeidslivet etter å være oppsagt som udugelig"
                   Helge Klingberg, landskapsarkitekt i Stokke, Vårt land 30.juli 2013, (utdrag av lesarinnlegg)

Godt sagt av Helge Klingberg. Og godt at ein over 70 kan skriva slikt. For me andre er jo så redde for å seia det rett ut. Og for tida er det mest politisk korrekt å seia at arbeidstakarar bør vera aktive så lenge som råd. Det er ein god tanke, men bør ikkje koblast opp mot retten til å stå i arbeidet, rett og slett fordi det ikkje er så enkelt som det høyrest ut. Klingberg har med klar tale sagt kvifor.

Å ta vekk aldersgrensa i arbeidslivet kan visa seg å vera godt meint, men dårleg gjort.

mandag 15. juli 2013

Kan det skje igjen at me tenkjer kost/nytte om mennesket?

Arnt Stefansen skriv:  Du er annerledes - du må dø! (Ytring.no, 13.07.2013)

Det handlar om fysisk og psykisk sjuke, asosiale og kronisk sjuke som måtte få ein god død - eutanasi, fordi rasen skulle vera rein og fordi det sparte samfunnet for utgifter.

Grøss og gru! For nokre fæle folk som tenkte og gjorde slik, tenkjer me i dag.

Og heldigvis; dødsleirar for å bli kvitt sjuke og svake har me ikkje i dag.

Men tankegangen: Å vurdera menneskeverd, gradera menneskeverd, er me heilt fri for det?
Å vurdera kost/nytte, er me heilt fri for det?
Å gi ein god død før livet tar slutt på naturleg vis, er me fri for det?

Å tenkja at dette kan aldri skje igjen, trur me på det?
Å tenkja at dette er leeeeenge sidan, tenkjer me slik?

I ein situasjon, der alt er unntak, alt er annleis, kan det likevel skje på nytt?

Kvifor har det tatt så lang tid før me blir minna om at også svake og sjuke blei tatt av dage i nazityskland?
Forstyrrer det vårt syn på menneskverdet i dag?
I tilfelle: La det forstyrra!

tirsdag 9. juli 2013

Healing kan gjera vondt verre

Healing går ut på å gjera heilt noko som er halvt, øydelagt, i stykker. Mange som får tilbod om healing, opplever like mykje at noko som var i ferd med å bli heilt, blir knust på nytt.

Alle som søkjer eit friskare liv, er fri til søkja dette kor dei vil. Men dei som tilbyr folk å bli friske, bør gjera det med stor grad av aktsemd. Fordi dei tilbyr eit friskt liv til eit heilt mennneske, ikkje berre til kroppen. Og når dei ikkje lukkast, er heile mennesket skuffa, ikkje berre kroppen. Nedturen kan bli tøff, særleg om ein har investerert både, tid, krefter og pengar i "forfriskinga".

Ein gong fekk ein mann høyra at han skulle ta senga og gå. Han reiste seg og kunne gå!

Også i kristen samanheng snakkar ein om å bli frisk, meir i somme miljø enn i andre. Under har skjedd og dei skjer. Dei fleste må likevel leva med plager og sjukdom. Ikkje fordi dei ikkje ber, eller fordi dei ikkje trur på Guds makt, men fordi sjukdom er ein del av livet. Sjøl har eg tatt utfordringa og tatt senga mi. Det vil seia eg har ei matte som eg drar med meg og legg meg på under politiske møte. Når eg kjem dragende med matta, har eg fått spørsmålet om det ikkje var så at ein skulle "ta senga si og gå"? Heldigvis gjer det meg korkje uroleg eller irritert. Grunnen, (trur jeg), er at eg høyrer til ein tradisjon som vurderer sjukdom og vonde dagar som foreinleg med eit kristent liv.


Dei fleste som blir ramma av sjukdom går etter mi erfaring gjennom ulike fasar:

1. Overrasking, sjokk: Kunne dette skje?
2. Sorg, fortviling: Dette kan eg ikkje leva med.
3. Leiting etter utvegar: Kan du hjelpa meg doktor?
4. Alle typar hjelp blir vurdert: Kan eg få bli frisk?
5. Aksept: Dette må eg leva med.
6. Fokus på alternativ: Korleis kan eg leva det gode livet no?

I dei første fasane er det mange om søkjer hjelp i tradisjonell bøn eller hjå healarar. Men kva så når invitasjon til "forfrisking" blir slik at ein ikkje får leva i fred med fase 5 og 6? Nokon opplever faktisk det. Ei ungjente som visste at ho ikke kom til å bli gamal, hadde vore gjennom alt, og vel så det. På slutten sukka ho og sa at det hadde vore fint om alle dei velmeinande menneska kunne la vera å tilby henne forbøn gong på gong.

Ho hadde ikkje slutta å tru. Men ho var trygg og tok ein dag om gongen,. Og som ho sa: Ho orka ikkje fleire rundar. Det er nemleg ei stor påkjenning å skru opp forventninga, leva i håpet, eksponerast - med sin svakhet overfor andre, - og så bli skuffa igjen.

Ingen har formidla til meg en så sterk og ærleg Gudstru som denne jenta. Likevel er det også ho som har lært meg at ein treng stort skjønn når ein går ein sjuk så nær.

søndag 7. juli 2013

Dei kan jo ikkje tvinga oss..

"Eg kan ikkje lenger ha den arbeidsdagen eller det yrket eg er utdanna til, men dei kan vel ikkje tvinga meg til å gjera noko anna?"

Dette er ein uttale eg har høyrt ein del gonger. Fordi eg sjølv er arbeidsufør, er det kan henda slik at andre er svært ærlege om eiga helse og arbeidssituasjon. Stort sett er det heilt ok. Det kan vera mange erfaringar det er greitt å dela. Men denne haldninga: At dei ikkje kan tvinga oss til å arbeida, har eg problem med.

Problem nr 1: Dei kan vel ikkje tvinga oss - Kven er dei som det blir vist til: legen, NAV, samfunnet?
Problem nr 2: Kvifor kan ein ikkje gå over i anna arbeid som ein fysisk og psykisk maktar sjøl om det er noko anna enn det ein er utdanna til: Er det grader av verdighet i arbeid som ein ikkje kan gå under?
Problem nr 3: Kva tvang er det snakk om? Er det  uføretrygd som ikkje blir tildelt om ein ikkje er "lydig".

Eg er svært glad for det sikringsnettet som ligg i uføretrygda. Det held mange vekke frå fattigdomsfella og gjer overgangen frå arbeid til å vera ufrivillig utanfor arbeidslivet noko mjukare.
Men haldninga som ligg i spørsmålet om kor vidt dei kan tvinga oss, er avslørande. Det fortel at ein ser på staten som den som må ta ansvar. Det peikar mot sterke rettar: Eg må då få det eg har krav på. Og det utelet eit alternativ: Dersom eg ikkje vil eller kan arbeida, men heller ikkje vil ha anna arbeid, går det an å la vera, med den konsekevensen at ein ikkje har  inntekt før ein kjem i den normale pensjonsalderen.

Er vårt fokus på rettar blitt så einsidig og sterkt at me går utifrå at dette ikkje er noko alternativ?

Eg vågar så vidt å spørja. For det vil truleg provosera. Dei fleste strever for harde livet for å halda på eit sunt sjølbilete når sjukdomen rammer, og desse treng ikkje slike debattar som held dei nede. Og mange gjer det dei kan for å vera i arbeidslivet.

Likevel: Presset på stønadsordningar er stort, og me treng å hegna om rettane slik dei var tenkte. Derfor må andre verknader som ikkje var tilsikta, sorterast ut. Og me treng kanskje ein debatt om kor vidt me bør kunne ta ein annan jobb enn den me hadde - ikkje om naboen trur det er fornuftig, eller arbeidskollegiet, men dersom det er forsvarleg for den fysiske og psykiske helsa til den det gjeld. Eller?

fredag 5. juli 2013

Å meistra å ikkje meistra!

Meistring er viktig
ein kjenner seg flink, vellukka, positiv
når ein meistrar ein ny livssituasjon.

Når ein tar fatt i situasjon
og arbeider seg framover,
slit
fysisk og pyskisk,
høyrer ein applaus frå heiagjengen.

Nokon meistrar
og kan seia:
Ingen grenser.

Andre må bruka så mykje krefter på kvardagen
uten at nokon vil kalla det meistring
- berre overleving.

Å mista funksjonsevne
blir dobbel nedtur
om ein også opplever
å ikkje meistra å meistra.

 Hippokrates sa; "Det interessante er ikke hvilken sykdom en person har, men hvilken person som har sykdommen".

Javel.
Eg vera ein person som meistrar å leva med sjukdomen.
Eg vil også vera ein person som meistrer sjølve sjukdomen,
smertene, plagene og avgrensingane som fylgjer med.

Eg vil vera ein flink sjuk.
Og så lenge eg er ein flink sjuk,
får eg klapp på skuldra, oppmuntring,
- til og med respekt(?)

Men når eg kjenner at eg ikkje meistrer å meistra så mykje lenger,
då lukker eg augo
og ser at eg heng i ei line,
høgt over eit djuv.
Eg tviheld på lina,
for dersom eg slepp taket,
vil eg falla
langt, langt ned.

Når eg når botnen
er det berre ei oppgåve som ventar meg:
å klatra opp att

 

tirsdag 25. juni 2013

Lågare inntekt for uføre får troll til å sprekka


Uføretrygda er blitt endra slik at ein i framtida kan tena 30 000 kroner per år i staden for i dag vel 80 000 i tillegg til trygda.Som ei overgangsordning er grensa 60 000,-.

Dette er etter mitt syn ei god ordning:

- I dag er det ei grense på 1 G for eiga inntekt når ein er ufør. Den nye ordninga er at det ikkje er noko grense for kva ein kan tena, men det blir eit trekk i trygda når ein passerer 30 000 (ikkje 100 % trekk).


Trollet med to hovud
Når ein vil arbeida med dei kreftene og den helsa ein tidvis har, møter ein i dag eit troll med to hovud.

Det ein trollet seier:
- Fy, fy, du tener meir enn lova tillet. Du er lovbrytar. Skam deg!

Det andre trollet seier:
Jasså, du kan jobba, ja? Då reduserer me trygda di eit par titals prosent for tida som er gått og for dei komande åra. Vil du tilbake til same uførestatusen som før, får du stilla i vurderingskø. Viss du når gjennom der, får du etterbetalt den trygda du hadde rett på - om nokre år. Får du problem med økonomien mens du ventar, seier du? Ja, men du kan jo arbeida og tena pengar slik du har gjort i det siste. Varierer helsa, seier du? Ja, men det bryr ikkje eg meg om.

Ny uføretrygd, med kutt av to trollhovud.
I den nye uføretrygda er fribeløpet nærast halvert. Om du tener noko utover fribeløpet, sit du att med 30 % av dette. Slik tener du etter kvart "meir av dine eigne pengar", samstundes som det svarer seg å prøva å arbeida.

Eg trur dette er ei god ordning, nettopp fordi dette inviterer til å ta ut arbeidsevna.

Meir troll
Troll sprekk i lyset, heiter det. Men kven av oss tør seia at me har møtt trollet med to hovud? Me vil jo helst vera rasjonelle og berre argumtera med fakta, ikkje opplevingar og angst for konsekvensar.

I det heile er det mykje me helst ikkje snakkar om, i alle fall ikkje eg. Helst vil eg unngå å seia at eg er arbeidsufør. For det er så mange uføre, så altfor mange, seiest det. Det kan nesten ikkje vera rett at det skal vera så mange, kviskrar eit anna troll. (Sjølv om fakta seier at Færre uføre no enn før )

Det trollet vil eg kappeta med. Eg tar større ord i munnen og ropar tilbake: Du må hugsa på at me har svært så høg yrkesdeltaking, låg arbeidsløyse og høg pensjonsalder samanlikna med andre land. Kom ikkje her og legg skuld(kjensl)a på meg!

..
Logikken bak reknestykket i uføretrygda finn ein kanskje her:
Fribeløpet i uføretrygden - og kompensasjonsgraden

Andre innlegg, mange om ordningar for uføre, er samla her: Økonomiske og praktiske ordningar 


onsdag 12. juni 2013

AFP-paradokset

Det beste er fridomen til å velja å bruka tida til det eg vil. No kan eg gjera meir av det eg liker å putla med, seier han som har trappa ned med AFP, avtalefesta pensjon.

Det verste er sjøvbiletet, kjensla av ikkje å strekkja til, seier han som er slutta i arbeid fordi helsa krevde det.

AFP kom til for at det skulle vera råd å arbeida noko mindre utan å måtta bli uføretrygda. Ordninga var vel særleg tenkt for dei som hadde hatt hardt arbeid og som skulle få ein siste periode i arbeidslivet utan rundar med NAV, legar og skjemavelde for å bli delvis arbeidsfør for å ta vare på resten av helsa. Ordninga var i utgangspunktet ikkje meint å gi betre tid til hobbyar.

Kan henda er det ein del av desse hardtarbeidande som nyttar AFP-ordninga i det stille. Men me høyrer mest frå den andre gruppa, dei som går ut av arbeidslivet med lyfta hovud og med betre tid til det som er kjekt.

Ingen kan granska hjartet. Kanskje trengte dei lettare dagar? Det er likevel eit paradoks at samstundes som me har ei ordning som gjer det lett for nokon å trappa ned, møter ein stadig på haldningar som gjer det verre for andre å gå ut av arbeidslivet. Prestisjen ligg i å vera i arbeid, eller sjølv å velja å gå i redusert arbeid. Å ikkje ha noko val, gir ingen status.

Slik opplevest det for mange. Eg møter jamleg kvinner og menn som kviskrar at dei er på veg til å bi uføre. Også om dei nærmer seg alderen då vener går av med AFP. Dei ser i govlet. Somme ser meg i augo, fordi dei veit at eg veit kva dei går gjennom.

Verda er merkeleg. Og ordningar som gir pengar til nokon, gjer oss merkelegare..

onsdag 5. juni 2013

Endeleg kan prestar bu seg på å bu! Om buplikt for prestar.

Nei, det stod ikkje noko om buplikt i evangeliet. Snart står det kanskje ikkje noko om det i lova heller.  
 (Teikna av L. Slettebø).

Statsråd Aasrud tar til orde for ei generell avvikling av buplikta for prestar og biskopar.
I høyringsbrevet blir det peika på at prestane sin historiske burett og buplikt i tenestebustader, er «en del av kirkens tusenårige historie». Men no har denne ordninga gått ut på dato, meiner ho.

At ordninga har gått ut på dato, var argumtentet vårt då me søkte fritak frå buplikta her i Husnes og Holmedal sokn, og til slutt fekk det. No bur me trygt i eigen bustad og kan bu oss på neste periode i livet; ein periode utan flytting.

Me gler oss over at andre også kan få planleggja framtida si utan så mange hindringar som det var før. Etter alt å døma ser me no slutten på buplikta for prestar. Det kan koma ulike innspel i høyringa, men når først departementet har skore gjennom dei kryssande signala frå presteforeining og bustadombod, og sendt ut eit framlegg som berre opnar døra i særleg kultur- og kyrkjehistoriske bustader for prestefamiliar, går dette rette vegen. Breid politiske støtte synest det også å vera på Stortinget.

Med dette høyringsbrevet går buplikta over i ein ny fase. Statsråd Aasrud skal derfor ha honnør for handlekraft.

Aktuelle spørsmål i framtidig ordning:
Kva med dei flotte, gamle prestegardane?
Det blir opna for at desse kan nyttast til prestegardar.
Kva med bustad der det er ein vanskeleg bustadmarknad , vanskeleg med kjøp og sal?
Bustad kan nyttast som rekrutteringsmiddel der det trengst.
Kva med høge husleiger på den vanlege bustadmarknaden i byar/Olso?
Det vil ikkje skada at søknaden til presteteneste rundt om i landet blir styrka grunna høge husleiger i byar. Nøktern bustadstandard er ok for prestefamiliar som andre no når det ikkje blir krevd at bustaden skal nyttast i tenesta. Løn kan dessutan nyttast til rekrutteringsmiddel om det er ynskjeleg.


Utviklinga i vår søknad og ein del argument i saka, kan lesast i tidlegare blogginlegg:
Svaret var nei på fritak for buplikta
Slepp prestane laus - det er vår!

Ei rekke kyrkjelege instansar og Riksantikvaren skal uttala seg i høyring. Les meir om sjølve framlegget i Vårt Land der det også er god informasjon om saka.

fredag 24. mai 2013

Løvetenner bit ikkje

Reiv opp nokre løvetenner i går. 
Trudde dei elles ville bita.
Det ville dei ikkje.
Dei ville berre vera sol
for meg.

I dag er dei små solene i plenen vekke.
Eg ligg strekk ut
og nyter sola på himmelen.
Ho er her dag.
Verre den dagen ho er vekk
og eg framleis treng å liggja
fordi eg fjerna plensola.

I dag er irritert på meg sjøl
og dei 
som ein gong fann på
å definera løvetann som ugras.

Løvetannbarn blir dei kalla
dei som klarer seg  - tross alt.
Flotte folk!
Kva med løvetannmenneske
som me har definert
som ugras?

mandag 20. mai 2013

Galleri Nauthydlaren



Det har vore lite aktivitet på ulike bloggar siste dagar. Det er eit godt teikn. Eit teikn på at når me får audiens hjå sola, så takkar me ja og stig på, eller rettare: stig ut - i det fine veret.

I dag er det varmt, men innever. Litt regn i lufta her. Så eg ynskjer velkomen inn i Galleri Nauthydlaren utover dagen for dei som er i nærleiken. Ale andre er velkommen til å ta ein digital spasertur innom. Det blir verre med kaffeserveringa til dykk; men her har auga noko å bita i: Galleri Nauthydlaren. 90 bilete heng rundt om på veggane.


torsdag 16. mai 2013

Eit ulukkeleg barn?

"Berre eitt er verre enn å sjå at barnet ditt er funksjonshemma:
det er å sjå at barnet ditt er ulukkeleg!"

Dette var avslutningsreplikken i gårsdagens episode av House.
Eg sat barnevakt, og hadde fjernsynet ståande på, (ja, eg må ha ei unnskyldning for å sjå House), då denne setninga kom frå TV-skjermen og klistra seg fast i tanken min.

Å tenkja slik, gjer det truleg ikkje lettare å ha funksjonhemma born, men det set det i perspektiv. Og det gir noko å tenkja på til alle som skal ta ulike avgjerder om lover og ordningar som får noko å seia for framtidige personlege val.

mandag 13. mai 2013

Surrogati - Lånt kropp, "eigen kropp"?

Det vert hevda at surrogati kan forsvarast: Den som ynskjer eit barn og har pengar, men ikkje barn, kan kjøpa ei teneste av ei kvinne som kan få barn og treng pengar.

Men så kjem ein til kvardagan og problema og prinsippspørsmåla står i kø. No er ei ny problemstilling dukka opp: Kven skal avgjera om barnet skal aborterast om det ikkje er friskt? Mora som ber barnet, eller ho som betalar for det?

http://blog.sfgate.com/sfmoms/2013/03/05/surrogate-mom-refuses-to-abort-fetus-with-birth-defects/

Det absurde i dette spørsmålet er at abortkampen er vunnen med å nytta omgrepet "kontroll over eigen kropp". Men når ein kan få større omsorgsoppgåver enn forventa fordi barnet er sjukt og ligg i  magen på ei anna kvinne, gjeld ikkje prinsippet om kontroll over eigen kropp lenger. Då gjeld: Kontroll til den som har pengemakt.

Flukt frå stat til stat for å berga livet til det ufødde barnet i denne historia, gjer inntrykk.


Saka fann eg via:
11m
Surrogati er ikke lett. Vi er avhengig av tydelige regler: "Surrogatmor nekter å abortere utviklingshemmet foster"



fredag 10. mai 2013

Treng hjelp til å spora opp hefte som ligg på Google.books.

Kan dette heftet som ligg på google.books sporast opp?

http://books.google.no/books/about/Udtalelser_Om_M_J_Mathiassen_Skou_s_Fore.html?id=qojXMgEACAAJ&redir_esc=y

Boka er berre lagt ut med tittel på google.books. Innhaldet kjem truleg seinaren. Rettare sagt: mykje seinare. Men eg skulle gjerne ha lese dette heftet no. Derfor spør eg:
Er det råd å spora opp kor hefet ligg, fysisk? Reknar med at sidan tittelen er lagt ut, finnes også heftet ein eller annan stad.

Eg har prøvd å kontakta Google i Norge, men ingen kan svara på noko som har med innhald  gjera.

Gode råd?

Eg treng heftet til eit av mine alltid pågåande skriveprosjekt.

Skulle nokon ha heftet i bokhylla , (16 sider, 1893, Malling forlag), ville dagen bli ein fest. Eg veit det finnest for eit eksemplar er blitt seld frå Norlis antikvariat i løpet av dei siste to åra.

mandag 6. mai 2013

8.mai - veterandag. Meir til forvirring enn heider?

401 kommunar i Norge har ikkje eit program for veterandagen, melder Forsvaret.no.
8.mai - frigjeringsdagen - var ein dag alle kjende til. Om ein ikkje deltok i noko 8.mai-markering, sende mange ein takknemleg tanke til dei som hadde gjort ein innsats under krigen. 

Sjølv har eg halde nokre minne - og takketalar 8.mai.

Så kom veterandagan, og eg fekk spørsmål om å halda tale ved ei minnestøtte. Eg takka nei til utfordringa. Ikkje fordi eg ikkje ville heidra veteranar, men fordi eg blei usikker på kva eg kunne og ville seia. Om eg brukte omgrepet veteranar, innebar det då at eg gjekk god for all norsk deltaking og alle norske operajonar i utlandet?

Eg måtte ha en tenkepause. Var eg i stand til å finna fellesnemnar for alle veterantenester som eg kunne stå inne for slik eg hadde gjort det ved 8.mai-markeringar tidleregare? Visst var innsatsen stor. Og dene einskilde som blei send ut, skal vel ikkje stå til rekneskap for den politiske vurderinga som låg bak oppdraget han fekk? Skal me då i ettertid gjera det?

Eg fann ut at det ikkje var meininga at eg skulle tenkja slik fordi om eg blei beden om å halda ein minnetale. Men så kunne eg heller ikkje ta oppdraget.

Det blei vanskeleg, også å seia nei. For eg ville gjerne heidra dei som framleis lever som tenestegjorde under krigen. No var grunngjevinga frå Stortinget (1996) for å endra dagen nettopp at det var så få att. I tillegg skulle ein derfor heidra dei som var i Tysklandsbrigaden og andre FN-styrkar. Tanken var den gang at veteranorganisasjonane for desse utanlandsoppdraga skulle stå for markeringane. Når no eit fåtall kommunar har ein plan for markeringa av 8.mai/veterandagen i år, fortel det at planen til Stortingets forsvarkomite ikkje fungerte. Det er få att å heidra, og det kan synast som det er få som er trygge på korleis den nye gruppa skal heidrast. Eller la meg snakka for meg sjølv: Eg veit ikkje korleis eg skal heidra den nye samlegruppa. Derfor takkar eg fint nei til slike oppdrag.

Kanskje det berre er mine tankar om dette som går litt i kryss. Eg skulle nesten håpa det. For det er ille om manglande støtte til dagen blir oppfatta som manglande takksemd. Tida vil visa korleis dette utviklar seg. Men at endringa har ført til forvirring hos fleire enn meg, trur eg er noko av grunnen til den svake innsatsen forsvaret melder om i kommunane.

Kanskje er 8.mai kome i eit uføre når det er blitt ein veterandag? 
Etter å ha lese og lytta til debattar i løpet av dagen, synest det å vera klart, sett frå min ståstad: Det hadde vore betre å ha ein eigen dag der ein takka dei som var villige til å gå Norges ærende i utlandet. 8.mai bør framleis vera frigjeringsdag.

Uansett: I dag har eg funne fram flagget.



Wikipedia fortel elles om veterandagen:
Veterandagen er en norsk merkedag innført av regjeringen for å styrke anerkjennelsen av innsatsen til militære veteraner.[1] Merkedagen er lagt til 8. mai, frigjøringsdagen. Veterandagen skal hedre deltagere i andre verdenskrig, så vel som dem som har tjenestegjort i FNs fredsbevarende styrker og andre internasjonale operasjoner.
Beslutningen om innføring av veterandagen ble fattet i 2010, og den første markeringen fant sted i 2011.[2] Forsvarsdepartementet la i den forbindelse opp til en markering i større omfang, med nasjonale og lokale arrangementer, og ba alle landets kommuner om gjennomføre arrangementer der veteranenes innsats markeres.[3]

søndag 5. mai 2013

Pressekonferanse på sundag kl 12: Børs over katedral?

Det er lenge sidan me hadde eigne skuleklede, sundagsklede og kvardagsklede, og brukte dei utslitte kleda når me skulle gå i marka. Likefullt: Me set større pris på fritida vår enn noko tid. Og den digitale kvardagen der me er oppdaterte, kor me enn er, gjer ansvaret større for dei som bryt inn i fritida. Dette må regjeringa ha gløymt når dei hadde pressekonferanse, sundag kl 12.00.

Grunngjevinga var at opplysningane er børssensitive og ikkje kan leggjast fram på ein kvardag.

Me har ei lov om heilagdagsfred som seier noko om arrangement mellom kl 06 og 13 på sundagar.

Denne freden blir ulikt praktisert rundt om i landet, og dei fleste vil ikkje reagere så sterkt på om den blir broten. Men ein pressekonferanse frå regjeringa, sundag kl 12.00, ein time før heilagdagsfreden, (06.00 - 13.00), går ut?

Heilagdagsfred eller ikkje, kva skal til for at det norske folk skal ynskja å høyra, eller ha bruk for å høyra nytt om viktige endringar i rammevilkåra for norske bedrifter slik det blei varsla her:
Statsminister Jens Stoltenberg og finansminister Sigbjørn Johnsen inviterer i dag til pressekonferanse kl. 12.00 om viktige endringer i norske bedrifters rammebetingelser.


Børsen er ikkje til å spøka med.
Norsk økonomi og oljeverksemda står i samanheng med livet på børsen. Det kan me forstå, om det er slik at nye opplysningar har slik effekt. Men statsministeren burde likevel ha venta til seinare på dagen! Det hadde ikkje virka inn på børsen. No står han i fare for å synka på verdibørsen.

..
Arne Søiland var raskt ute på Twitter og gav dette vesle blogginnlegget mitt den beste overskrifta: Børs foran katedral!
3m
Børs foran katedral: ": Pressekonf i dag av omsyn til børsen. Men kl 12? .. "


Sjlve tiltakspakken kan du pakka ut ved å lesa her: Derfor kunne Sigbjørn kutte skatten nå
 

torsdag 18. april 2013

Ein annleis debatt om trygdemisbruk, takk!

 Arnfinn Fiskå skriv  i Bystemmer om trygdemisbruk slik ingen har gjort det før. Argumenta om kvifor det er godt å vera i arbeid kjenner me.

Men Fiskå har eit anna poeng, eit svært godt poeng: Det er trygdemisbruk å gi trygd til dei som kunne ha vore ein del av det aktive samfunnet. Nokon av dei vil, nokon vil om dei får hjelp til å finna evna og viljen.

Me vil gjerne tru at det er slik: At dei som vil og kan, får arbeida. Me vil gjerne tru at nokon, at systemet, fungerer. Og viss det ikkje fungerer, er det nokon som ordnar opp.

Når ein har levd ei stund, finn ein ut at det ikkje er slik. Ting ordnar seg ikkje av seg sjølv. Det finnest ikkje ein allvitande sjef i landet som legg brikkene på plass når biletet kjem i ulage. Ingen har den oppgåva, ingan kan makta å ha det.

Livs-sanning?
Livsløgna kan halda oss i livet. For mange ville livs-sanninga ha gitt eit betre liv. Sanninga om at eg duger, kan vera til hjelp for nokon, kan yta, kan gjera det eg kan.

Takk til Arnfinn Fiskå for ei ny vinkling av spørsmålet om trygdemisbruk. 
Måtte det bli det aktuelle temaet i den komande valkampen!

lørdag 13. april 2013

Sit stille i båten

Av og til høyrer me at politikarar sit stille i båten. Det kan vera lurt av og til, særleg om folk ser at andre strever i stormen. På kort sikt kan det derfor løna seg å sitja stille i båten.

På Twitter kan det også sjå ut som om det er slik. I periodar kjem det nemleg sigande mange fylgjarar når ein teier stille. Men i lengda held det ikkje. Om ein ikkje gjer sitt til at samtalen blir interessant, og av og til legg nye tema på bordet, vil ein sakka akterut. Eller bli tilskodar.

Dermed er eg tilbake til politikken. Er eg først folkevald, vil eg ikkje vera tilskodar. Avgjerdsler som eg er med og tar ein dag det er stille på fjorden, må eg ta ansvar for når det bles opp. Eg må også vita at stormane kan koma. Elles kunne eg blitt att på kaia.

mandag 8. april 2013

Det er det første dei spør om.

- Det er jo det første dei spør om
seier ufør kvinne på Dagsrevyen (8.4.2013) som så gjerne
vil vera i arbeid til tross for sine epilepsianfall.
- Det er fint å vera del av eit felleskap
legg ho til.

Ja, så enkelt kan det seiast.

Å vera del av eit fellesskap som skal gjera ein jobb, 
ved hjelp av hendene eller ved hjelp av tanken.
Å leggja planar i lag, 
møta utfordringar undervegs,
finna løysingar, 
prøva å koma vidare,
nå målet
i lag.
Det
saknar eg
kvar einaste dag.
Fordi det gir meining i øyeblikket
og det gir meining til det store fellesskapet
Derfor bør arbeidslivet vera ope for alle som kan gjera ein innsats

For mange hastar 
dette
før
 timeglasset renn ut
.....


Meir om det same:
Korleis skal uføre presentera seg?
Kven er dei uføre?

torsdag 4. april 2013

Åra kjem med tida, men ikkje alderen..

Alle hastar vidare, 
men ingen vil lenger fram
- i år.

Alle vil leva lenge,
men ingen vil bli gamle.

Ti år har gått.
No er kroppen så gamal som eg blei for ti år sidan.

Har du leveåra,
er det fint
-  så lenge du har helsa, 
heiter det.

Har du ikkje helsa,
har du leveåra, 
om du er heldig.

Slik er livet.
Og livet er ikkje det verste eg veit..

onsdag 27. mars 2013

Den lukka delen av påska?



Bjørn Hansen@nicecap 
Påsken er lumsk. Første delen er som en lett snue, mens den lukkede delen er som en tung influensa. Mange blir veldig ensomme.

Høgtid har tradisjonelt vore familietid. Kven hugsar ikkje då me ikkje fekk gå ut før 2.juledag - om kvelden (om ein er så gamal at ein opplevde det).

Påska har likevel vore meir open, trudde eg. I og med at mange då er ute, om det er på tur i låglandet, i fjæra eller på høgfjellet. Eller om det er ein rusletur i gater med innlagde stopp på kaffear.

Men kanskje er påska blitt ei statushelg? Då det gjeld om å ha flest klypp i klyppekortet: store hendingar, lang reise? På Facebook har statusoppdatering fått ei ny meining for meg i helga. Har du ikkje noko å skilta med, er statusen fråverande. I fylgje den er "heile verda" no på tur, men i fylgje Bente Myhre Haast, @skribente, gjeld dette berre 35 % av oss:
Kun 35 % av oss drar på ferie i påsken, hvorav halvparten til hytta/fjellet, melder NRK i dag. Hvorfor virker det omvendt proporsjonalt på FB?
65 % av oss er igjen heime. Då blir utfordringa å inkludera naboar, kjende og mindre kjende i praten over gjerdet eller å dela stunda med nista inne ved næraste vatn.

Helg og høgtid skal vera fri og feiring og alt det som godt er for sjel og sinn. Å sjå dei omkring oss burde høyra med. Om me ikkje er blitt så altfor egoistiske?

Kommentar frå Twitter:
1h
Viktig det du set fokus på her . Einsemda blir ofte sterkare i andre sitt store handlingsrom.

Det handler om det vanskelege, men samstudnes så enkle: å bli sett.

tirsdag 19. mars 2013

Kan havet bli snilt igjen? Apropos Sleipner.

Kan eg skriva meg ut av Sleipner-forliset?
Refleksane frå bylgjene blinka som juletrelys. Vinden ulte så det var uråd å snakka på dekk. Båten la seg over i bølgjekasta etter som den ville, mens kapteinen prøvde å leggja han slik at me såg folka i sjøkavet rundt oss. Sjokolade og chips i kiosken datt på golvet, pølsegryta skvulpa over. Og i frå leikerommet høyrtest latter frå ein amerikansk komedie.

Det var Sleipner som gjekk ned den haustdagen. Det var der katastrofen var. Det var passasjerane ombord i Sleipner som opplevde marerittet, og som sit med øydelagde liv, - dei som overlevde.

Eg var berre passasjer ombord på systerskipet Draupner som gjekk frå Bergen til Stavanger samstundes som Sleipner gjekk frå Stavanger til Bergen. Likevel har Sleipner-kvelden gjort noko med meg. Frå barndomen var eg vel kjend med havet. To timar tok turen med Skudenesferga til Stavanger, og den turen tok me ofte. Om bølgjene slo over dekk, var det berre stas. Fekk eg berre stå ute,var eg frisk og nøyt å vera nær det sterke elementet: havet. Bølgjebrus og stor makt var berre fasinerande og tiltrekkande.Salt i huda, susing i øyro. Det var Vestlandet på sitt beste.

Etter Sleipner forsvann all fasinasjon ved bølgjer over ei viss høgd.

Likevel, etter Sleipner, har me skaffa oss båt, og har vore mange dagar og netter på fjorden. No er ein større båt komen til kai, og eg har tatt VHF-sertfikat og skaffa lettbåt for å vera tryggare.

Men tankane frå Sleipner-kvelden sit godt fast.

Slikt skjer ikkje. Ikkje med lokalbåten vår..
Då me nærma oss Moster på Bømlo, fekk me melding over høgtalaren om at me måtte setja kursen mot Ryvarden fordi Sleipner stod på grunn der. Alle med sjukepleiefagleg/medisinsk erfaring måtte melda seg. Ikkje mange minutt seinare, kom det ny melding: Me gjekk no mot Ryvarden, Bloksene, med full fart. Sleipner var gått ned.

Eg såg meg rundt i salongen. Det var stappfullt ein fredag ettermiddag. Eg kjende titals passsasjerar. Og tanken gjekk fort: Eg kjende truleg like mange i båten som var gått ned.

Neste melding frå kapteinen fortalde om alvoret. Alle som kunne vera med på redningsaksjonen, skulle på dekk med lykter og redningsutstyr for å ta folk ombord . Dei som ikkje hadde andre oppgåver, skulle gå til øvste dekket. Eg hadde andre oppgåver. Men føst skulle alle leggja frå seg varme ytterklede og genserar. Andre trengte dei meir enn oss.

Neste melding var at salongen skulle delast i tre: Ein for overlevande - ikkjeskadde, ein for skadde, og ein for omkomne.

Då gjekk alvoret for alvor opp for oss.

Framme ved Bloksene viste det seg at hutigbåtar er dårleg konstruerte med tanke på å ta folk opp frå ein frådande sjø. Me blei liggjande med lyskastarar i vatnet for at andre fartøy som kom til, kunne plukka opp folk.

Alle dører stod opne. Iskaldvind suste, med høyrte roping frå båtar, redningsfolk og folk i sjøen. I etterid har eg sagt til meg sjølv at dei eg høyrte ropa, nok var dei som blei redda. Og å ha høyrt ropet frå dei som gjekk ned, er for kraftig kost å la minnet streva med.

Ikkje vel i hamn.
Vel i havn, var me ikkje vel i hamn. No starta leitearbeidet utover natta. Heime i stova sat eg med ullteppe rundt meg og høyrde Kveldsnytt sine kjenningstonar. Så kom redningsvest-fyrverkeriet på skjermen, - med båtar som låg utafor Ryvarden. Det blei sagt mykje om ulukka. Eg sat og lurte på om eg drøymde.

Neste morgon gjekk eg til kommunehuset der kriseteamet var. Som nyleg avgått ordførar visste eg korleis dette skulle organiserast, og som statssekretær visste eg at regjeringa ville vera orientert om det som skjedde. Dessutan: Det var naboar, kjende det gjaldt. Var listene komne?

Listene kom etter kvart, og kjende og ukjende namn stod på den. Av ein eller anna grunn var båten knapt halvfull, så det kunne ha vore verre.

Men det var gale nok.

Eg blei lenger heime denne helga enn planlagt. Turen tilbake til regjeringskontora blei utsett til redningsarbeidet var avslutta. Eg tok del i samlinga lokalt på Bømlo for dei som hadde vore med i redningsarbeidet og hadde ei takkehelsing på vegne av regjeringa. Etterpå blei det gudsteneste i Haugesund der me møtte overlevande og pårørande.

Så gjekk turen tilbake til Oslo.

Tre arbeidsdagar gjekk, - greitt.
Fjerde natta beli det ingen søvn.

Så fann livet tatt sin vante rytme på ny.

Mange lever med ein annleis kvardag etter Sleipnerulukka. Dei som miste sine nære og kjære, dei som var i vatnet og må streva med ulike situasjoner og tankar, kvar dag..

Eg har ingenting å klaga over. Eg var tørr og trygg.

Men eg blei kjend med eit nytt hav. Eit hav som ikkje skapte stemning ein haustdag, men som tok, det tok liv.
Bølgjene er no grådige.

Eg skal på båttur snart. Sova med klukking mot båtsida, leggja båten opp not bølgja når ho veks.
Men eg vil aldri utfordra veret, for bølgja tar ingen omsyn. Ho er nett så sterk som ho er. Og gjer det ho vil.
Bølgja blir aldri snillare enn krafta i havet er den dagen. Det er eg som må vera snill mot meg og mine, og ta dei nødvendig omsyn.
Det har eg tenkt å gjera. Derfor har eg også tatt VHF-sertifikat no.
Ikkje at det temjer bølgjene.
Men det temjer meg, - sånn akkurat passe.

fredag 15. mars 2013

Kva er det beste med Twitter? - #ffnor

Eg trudde Twitter var pludring, men det blei min viktgaste nyhetskanal, gullkornsamling, språkarena og kontaktannonse.

Ja, der klarte eg å få sagt det med mindre enn 140 teikn.
Men, nei, eg er ikkje på Twitter no, eg kan klara meg med fleire.

Altså, Twitter har lært meg å nøya meg med færre ord i staden for fleire. Og det kan vera bra. Som Bringsvær sa det i bokprogrammet her ikveld: Eg plukkar vekk alle dei orda som ikkje trengst. Det sa han om bokskrivinga. Og folk les bøkene hans.

Dessutan finn eg folk som er smitta av språkleikelysta. Korte innlegg eignar seg godt til å vri og venda på ord og uttrykk. Av og til er det eit avtalt spel. Andre gonger berre blir det slik. Eg sende ei Twittermelding her ein dag som blei mykje betre enn den var tenkt å vera, om eg så må få seia det sjølv, då eg skreiv at min mann ikkje lever i sølibat. ( Nei, det handla ikkje om mannen min og meg, men om katolske prestar).

#ffnor
Eg vil gi ein #ffnor i dag. Altså follow friday Norge. Eg vil tilrå dei som er nyssgjerrige og interesserte i mangt og mykje å vera på Twitter.
Mykje løye der, seier du?
Ja, men eg seier som son min då me flytta til ein ny stad, og folk lurte på om det ikkje var eit dårleg ungdomsmiljø her:
Du må velja venene dine, - her som elles.

Få ord leier til tusenvis.
Eigentleg er eg på jakt etter mange ord, fleire enn eg til vanleg finn i korte avisoppslag. Og det finn eg påTwitter. Lenker til gode artiklar i inn- og utland er det aller beste med Twitter. Temaet finn eg i Twittermeldinga, og ved å fylgja lenkene, får eg interessante artiklar i hende, heime i stova, på null komma niks. Av og til må eg berre stoppa opp for å tenkja over kor fantastisk det eigentleg er.

Mange nominerte, men i dag går #ffnor til..
Elles er det mykje anna å seia om Twitter. Og mykje  har eg sagt før:
 Twitter - dialog - koseprat - debatt - informasjon
 Frå Olav Kjørven til kaffiskåler
Her finn du også namn og rykte på ein del av dei eg så gjerne fylgjer på Twitter og som eg med dette gir ein #ffnor med grunngjeving.

Beste, verste?
har tydelegvis sans for effekten av Twitter.  I dag skreiv ho:
Ein sprudlande til som har oppdaga twitterenergien.

Twitterenergi - eit nyord? 
Gir Twitter meir energi enn den tar?

onsdag 13. mars 2013

Leva eller døy? Delvis enig.


 Det er vanskelig å forhindre utglidning, når det er en selv som glir. 
Dersom vi ikke ønsker en utvikling som i Nederland 
må vi sette bremsene på nå 

Dette skriv overlege Morten Horn, overlege på Ytring, og viser til utviklinga i Nederland når det gjeld dødshjelp. 

Også i Norge ser me døme på at dødshjelp blir gjort til eit spørsmål om unntakstilfella. Men er det rett? Horn skriv vidare:

En av de viktigste innvendingene mot legalisert aktiv dødshjelp er frykten for «skråplaneffekten» (slippery slope). De fleste forbinder aktiv dødshjelp med ekstreme unntakstilfeller, den siste utvei i en situasjon med uutholdelige smerter.
Men frykten består i at om dødshjelp først tillates, så vil det institusjonaliseres og normaliseres. Vår sperre mot at leger bruker medisinske metoder til å ta livet av pasienter vil gradvis utviskes, og aktiv dødshjelp vil bli brukt i stadig flere situasjoner, på flere og større pasientgrupper.
Dette kalles «skråplan» eller «utglidning», et bilde på at samfunnsmoralen går utforbakke. Jeg synes dette er et misvisende begrep, for det er ikke nødvendigvis slik denne prosessen oppleves – underveis.
Det er heller snakk om en sideveis glidning, en endring av verdier med små skritt: På hvert punkt i glidningen framstår situasjonen som naturlig og riktig, og når glidningen er fullført ser man ikke helt problemet. Det er bare fra vårt ståsted, i dag, at denne framtidige glidningen framstår som noe negativt, noe uønsket.

Å forskottera haldningar?
"Oppsummert ser vi at opinionen støtter aktiv dødshjelp for døende mens lovgivningen og legeforeningen fortsatt er i utakt med folkemeningen."

Slik oppsummerer Ole Peder Kjeldstadli ei undersøking om haldningar til dødshjelp. (Avisa Sunnhordland, 13.10.2013). 

Kjelstadli er styreleiar i Foreningen Retten til en verdig død. Undersøkinga er gjort av Synovate som på oppdrag fra Human- Etisk Forbund,(HEF), Oslo fylkeslag. (Data frå 2011). 

Når ein ropar i skogen, får ein sjeldan sanninga tibake.
Eg sperra opp augo då eg las oppsummeringa til Kjelstadli. Er det verkeleg slik at folk flest støttar aktiv dødshjelp? Eg sjekka opp sjølve undersøkinga til Synovate, Formålet med den var å kartleggja haldninger til eutanasi i folket og blant HEF sine medlemer. Resultatet viste at medlema i HEF var meir positive til aktiv dødshjelp enn andre, ikkje uventa for ei gruppe som meiner me kjem til grensa for vår erkjenning ved døden. Me veit ikkje kva som kjem etterpå, og HEF vel å ikkje skøyta på med ei tru.

Undersøkinga er interessant og ærleg på leit etter folk sine haldningar. Verre er det med Kjeldstadli si tolkinga av tala. Han seier mellom anna at når 37 % er Helt enig og 33 % er Delvis enig, så fortel det at 70 % er enig (same tala er 63+24=87 % for HEF-medlem).  Ein slik kombinasjon av matematikk og statistikk trur eg skjuler det meste av sanninga.

Synote har presisert korleis dei har samla omgrepa Helt enig - Delvis enig i samlegruppa Enig. Det kan dei gjera når det er snakk om å samanlikna svar til ulike grupper,- som har svart på dei same spørsmåla, men når det er snakk om å måla støtta til dødshjelp, meiner eg det blir heilt feil.

Spørsmålet om dødshjelp er komplisert fagleg og juridisk. Det er personleg, fylt av kjensler og er for mange også kobla opp imot livssyn. Kva ein legg i å vera Delvis enig i at ein bør opna for akiv dødshjelp, er det derfor svært vanskeleg å tolka.

Det er ikkje lenge sidan eg sat ved senga til min gamle far. Eg fekk mange timar til å tenkja over døden og ulike former for dødshjelp - og livshjelp. Hadde eg då blitt presentert for spørsmålstillingar omkring dødshjelp, kunne eg funne mange grunnar for at det i enkelte høve kunne synast rett. Og eg kunne ha svart Delvis enig. Men eg kunne også ha svart Delvis uenig. Begge alternativa ville ha vore dekkjande for mine tankar. Ut frå mitt grunnsyn ville eg likevel ha vald det som eg visste ville bli tolka som det mest restriktive for å ikkje blit tatt til inntekt for noko eg ikkje står for. Slik tenkjer vel dei fleste som svarer på spørjeundesøkingar. Det er likevel langt derifrå til å slå saman 37 % Helt enig og 33 % Delvis enig til eit rungande Ja på 70%. No fortel heller ikkje Synote om eit rungande ja. Det er det Kjeldstadli som gjer i si oppsummering når han seier at opinionen støtter aktiv dødshjelp.

 "Opinion betyr mening i betydningen formening, Ordet brukes ofte om «den rådende mening hos folket»" (Wikipedia).

I eit spørsmål som har så mange sider, og som er så vanskeleg å fanga i ei undersøking, er det etter mitt syn berre kategorien Helt enig, som kan forteja kor mange som støttar aktiv dødshjelp. 

Spørsmåla som gav svara ovafor var: Ein pasient er døyande med store smerter. Kor einig eller ueinig er du i at ein lege, etter grundig overveging, då skal kunne skriva ut en dødeleg dose medisin som pasienten sjøl kan velja å ta for å unngå store lidingar, dersom pasienten sjøl ber om det?

Når spørsmålstillinga blei endra til ein situasjon med ein pasient som er svært sjuk, men ikkje døyande, blir tala reduserte til 19 Helt enig + 27 Delvis enig og i HEF 39+27.

Skilnaden på desse to spørsmålsstillingane er i seg sjølv nok til å diskvalifisera Kjelstadli si oppsummering. Viss ein går utifrå at ein snakkar om dei heilt ekstreme sitasjonane, er det altså under halvparten av "folk flest" som vel eit svaralternativ som i det heile kan tolkast positivt, og då med alle atterhald.

Haldning gir handling.
Folk flest liker å vera del av opinionen. Det ligg i saka sin natur. Derfor er det viktig at ikkje fleirtalet blir skapt før det faktisk finnest. Dersom det er mange som meiner noko, er det lett å bli dradd i same retning. Av og til er det bra. Men i dei store spørsmåla om liv og død, må det vera viktig å ikkje berre fylgja straumen. Derfor må me bruka omgrepa som "opinionen meiner" med varsemd.



Frå undersøkinga:
Medlemmene og befolkningen viser omtrent samme strukturelle holdningsmønster når de tar stilling
til om aktiv dødshjelp bør gis i ulike situasjoner, men vi får inntrykk av at befolkningen i noe større grad vegrer seg mot en slik praksis



Om undersøkinga:
Synovate Norge har gjennomført denne undersøkelsen på oppdrag fra
Human- Etisk Forbund,(HEF), Oslo fylkeslag. Datainnsamlingen er gjennomført i perioden 20. januar til 1. februar 2011.
Formålet med undersøkelsen er å kartlegge holdninger til eutanasi i befolkningen og blant HEF-medlemmer