tirsdag 21. august 2012

"Du e' ein store original!"

Skulestart,
forventningsfulle barn skal finna sin plass i klasserom,
finna sine kameratar, si rolle i store og små grupper.

Dei stiller med ulike føresetnader,
nokon ivrige, utadvendte
nokon tilbakehaldne, forsiktige,
nokon verdsmeistrar i alt,
nokon med bremsar på,
nokon med synleg bremsar,
andre med bremsar på innsida.

Likevel synest det som om me alle skal passa inn i same forma,
den forma som dei andre til ei kvar tid forma?

Me er skapte som originalar, men oppfører oss som om me skulle vera kopiar, er det blitt sagt.

Far dreiv i mange år og køyrte folk med hest og trille heime i Skudenshavn. Til og med dronninga, som då var kronprinsesse, fekk fin hesteskyss.
Ein dag var det lite prominente gjester å køyra, og far fann ut at han kunne gi ungane fin skyss når han likevel var i farta. Han fyllte derfor opp trilla med dei ungane som var på plass i havn akkurat då.
På veg innover Søragadå kom det ein kommentar frå ein av ungane:
- Du, Rolf, veit du ka?
- Mor mi seie' at du e, ein store original

Far tok dette som eit kompliment.

Måtte barn som møter opp på skulen og som er litt annleis, på eine eller andre viset, få læra at det er OK at ikkje alle er heilt like. Måtte dei få læra at ein skal ta omsyn til det i leik og alvor, men at det er rom for alle.

Det aktuelle spørsmålet blir: 
Her: Kan det å vera annleis føra til mobbing? og
Her: Alle kan bli mobbere
Her: Tør foreldre og lærarar melda frå om mobbing?
Her: Kva gjer du når born mobbar?
Kan det hjelpa mot mobbing at me
 ser kvarandre?

tirsdag 14. august 2012

Fri eller lenka?

Du kan gjera meg fri
men eg vil ikkje ha deg.
Du kan føra meg til stader eg kan vera nærare fjell og foss,
men eg vil ikkje vera saman med deg.
Du kan hjelpa meg med motbakkane
men eg takkar nei.

Lenka til rollestolen,
eg har høyrt om det.
Du inviterer meg med på tur
utan lenker.
Berre frivillige turar
er det du vil ha saman med meg.
Eller korte sprintar på flypassar
så eg slepp å melda avbod til møte
fordi flyet får ein gate så langt frå utgongen.

Eg takkar fint nei til tilbodet
ei stund til
fordi;
- Eg er lei for å måtta seia det til deg:
Eg har ikkje lyst til å bli sett saman med deg.

lørdag 11. august 2012

Andre skal ha det litt kjekkare enn om eg ikkje var her

Det er Ove Tvedt, læraren, langdistanseløparen innanfor frivillig arbeid som lokalavisa Kvinnheringen  kallar han, (10.08.2012), som har dette flotte målet for kvardagane sine. Ikkje i eitt år, ikkje i ti år, men i fleire tiår har han levd saman med ungdomane i bygda med målsetjinga om at dei skal ha det litt kjekkare enn om han ikkje hadde vore der. Han og kona starta heime i stova og har i mange år drive Ope hus i kyrkja, i tillegg til mykje anna arbeid i nærmiljøet. Mange unge har opplevd at målsetjinga hans er meir enn ord.

"Krampaktig ung" kalla me i vår tid ungdomsleiarar som gjekk i lusekofte og tøysko for å sjå ungdommelege ut. Skal ein fylgja dei unge i kle og motar i dag, kan det bli strevsamt å vera ungdomsleiar. Då er det frigjerande med det rådet Ove gir til andre som vil få kontakt med dei unge:
Ver meir  interessert enn interessant!

Eit slikt råd kan me ta med oss nokon og ein kvar:
- han som ikkje veit kva han skal snakka om når han møter folk fordi han for det meste er heime åleine grunna sjukdom
- dei som er blitt plasserte ved sida av kvarandre ved eit festbord og ikkje er kjende frå før
- ho som har fått ein ny nabo med ein annan kulturell bakgrunn

Å bli møtt av nokon som er interessert i deg, gjer noko med deg. Born bruker store fakter for å fortelja oss kor viktig det er at me ser dei. Som vaksne seier me det ikkje rett ut, men me opplever det vel likevel godt å bli sett.

Sjå meg!
"Se meg" er tittel på Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusomsorg. Å sjå dei unge er den beste førebyggjande innsatsen mot rusmisbruk. Sjå dei i kvardagen, sjå og høyra dei i ordinære samlingar, sjå og spørja etter dei når dei gir teikn på at alt ikkje er som det skal. Og så til slutt det vanskelege: La dei vita at du ser dei også når alt har gått galt og vegen ut av eit liv i rus synest stengt.

Lokalavisa "Kvinnheringen" vil kåra den beste kvinnheringen. Eg er ikkje i tvil om kven som fortener å bli den beste i Kvinnherad i 2012. Å seia at nokon er best, er å bruka store bokstavar. Men når målet er å gjera livet kjekkare for dei andre enn om han ikkje var der, er ikkje bokstavane for store. Og kjenner eg han rett, har han ingenting i mot at nokon låner mottoet hans.

Meir om å bli sett, kan du lesa her


torsdag 9. august 2012

Bonus ved "Ordinært" frivillig arbeid - St.meld. "Se meg!"

Nokre tankar om
Se meg!- St.melding 30 2011–2012 - En helhetlig rusmiddelpolitikk
Del II Se meg!

Stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusmiddelpolitikk, har fått namnet "Se meg!" Eit godt val av tittel som fortel at rusmisbruk også handlar om deg og meg og våre haldningar til kvarandre.

Dei som lever med rus, treng å bli sett. Dei treng mykje anna også, som meldinga peikar på, men utan å bli sett som einskildmenneske, vera ynskt av nokon, vera elska trass den livssituasjonen ein er komen i, kan vegen ut av uføret bli lang.

Eg spurte ein som arbeider  med rusomsorg, om han kunne peika på kva eg som lokalpolitikar kunne gjera. Svaret var at me sjølvsagt kan auka midlane til rusomsorg, men uansett korleis ein vurderte det, eller kva ein meinte om rusomsorg, så ville den økonomiske innsatsen gi størst resultat om den var førebyggjande. Som politikar er det både lett og vanskeleg å forhalda seg til eit slikt svar. Det er lett fordi det då er freistande å kvila på laurbæra ein evt har fordi ein satsar på barn og unge. Det er vanskeleg fordi førebyggjande arbeid med tanke på rus kan synast å vera lite treffsikkert og det krevst stort tålmod.

Treffsikkert?
Korleis skal me vita om innsatsen er treffsikker? Kan me hjelpa ein ungdom som er begynt å rusa seg, tilbake til eit liv utan rus, vil innsatsen bli opplevd som treffsikker. Men fotball, speidar, ungdomsarbeid på bedehus og motorsykkelklubbar, som arbeider jamt og trutt, - er det innsats mot rus? Vil ikkje desse "kjekke" ungdomane ha klart seg utan rus, uansett? 
Er det berre eg som har tenkt slik? 

Dei viktige samtalene
Eg er komen til at det er feil å tenkja slik. Og Dag Endal, leiar for junior- og barneorganisasjonen Juba, stadfesta dette i Vårt land, 8.august-12. Han seier at nærleik kan forebyggja narkotikamisbruk:

" Politikk handler om virkelighetsforståelse. Noen tror at narkotikaproblemet i Norge befinner seg på jernbanetorget i Olso. Utformingen av den overordnede narkotikapolitikken må ta utgangspunkt i en helt annen virkelighetsforståelse, for de viktige slagene står alle andre steder.
Det handler om alle de små, men avgjørende samtalene mennesker imellom. På skolens foreldremøter. Ved gatekjøkken på småsteder i distriktene. Etter at fotballtreningen er slutt og tenåringene er på vei hjem. Rundt kjøpesentrene og i skolegårdene. Etter lørdagsfestene.
Det er i disse samtalene, både blant ungdom og i voksenmiljøet, at det avgjøres om narkotikabruk skal slippe til i tenåringmiljøene." (Dag Endal, Vårt Land ,8.8.2012)

Stortingsmeldingen og du og eg
Ei stortingsmelding kan peika på lovendringar, ny praksiss og økonomiske prioriteringar. Kvardagssamtalane, haldningane, er det du og eg som disponerer, - heilt gratis. 




Snakk høgare om faren ved medisinbruk - St.melding 30 2011-2012

Nokre tankar om
Se meg!- St.melding 30 2011–2012 - En helhetlig rusmiddelpolitikk

Del I Gode råd er billige – la oss få vita om faren ved medisinbruk!

«Tar du smertestillande? – Eg har vore på avvending.»

Det var på ei møte ho bøygde seg over til meg og kviskra spørsmålet. Helsa mi hadde vore tema i pausen, og eg hadde prøvd å svara så godt eg kunne på spørsmåla om kvifor eg låg på golvet på ei matte under møtet.

«Eg har vore på avvenning». 
Svaret song i meg lenge etterpå. Avvenning? Skremmande – fordi det peika mot vanedanning, binding, - til slutt narkomani?

Eg narkoman? Kunne det bli resultatet?
Etter dette spurte eg meg sjølv: Kven er dei narkomane?


I sommar la regjeringa fram stortingsmeldinga om ein heilskapleg rusmiddelpolitikk. Honnør til dei for å sjå rusområdet i samanheng.

I stortingsmeldinga var no-situasjonen godt gjort greie for. Ein del tiltak er det også der, nokre av dei er omstridde. Mange tiltak bind opp budsjetta framover, så ei regjering må tenkja også på kostnadssida når dei gjer framlegg om tiltak. Men her er eit godt ord frå meg, og det er billig, ja, så å seia gratis:

- Fortell oss alle kva bruk av vanedannande medisin inneber av fordeler og farer.
- Fortell den einskilde som får ein resept på vanedannande, korleis opptrapping, nedtrapping kan skje og kva teikn ein skal vera på vakt overfor for å unngå å bli avhengig.
- Fortell oss alle om alvoret ved å kombinera alkohol, og medisin (evt narkotiske stoff)

Dei tiltaka som er nemnde i meldinga i samband med vanedanning, er
- Legge til rette for riktig medisinsk forskrivning
og bruk av vanedannende legemidler
- Sette i verk tiltak for å redusere illegal import
av vanedannende legemidler.

Les ein det første av desse punkta velvillig, kan ein seia at mitt gode råd er dekka inn her. Mitt råd til komiteen på Stortinget er likevel at dette blir konkretisert. 
Dette er ei form for førebygging som ikkje kostar anna enn tydeleg tale, 
gitt i omsorg frå fastlegen.
Stortingsmeldinga finn du her
Kunne eg ha blitt narkoman? Ja, ifølge Den omvendte myrsnipefilosofien

onsdag 8. august 2012

Vil me fostra ein generasjon egoistar?

Oppdatert 14.10.2012

Eg, meg og mitt.
Den yngre garde veit å kreva sin rett.
Og med rette har me lurt på korleis det vil gå når dei som er unge i dag
og dusjar to gonger til dagen skal bli gamle og kjem på sjukeheim.
Eller er me allereie komne så langt at me må stilla dette spørsmålet om foreldregenerasjonen, ikkje borna? Kadra Yusuf peikar på dette i Dagbladet (14.10): LÆREREN SOM HOVMESTER: «God økonomi og stor tro på individualisme har skapt en foreldregenerasjon som tror livet er en buffé, og hvor lærerne bare er enda en hovmester som skal servere dem».
Det trengst sikkert mykje visdom både frå lærar og foreldre for å læra kvarandre og elevane og leva saman. Det viktigaste er slik eg ser det å læra:
Du er verdifull, unik!
Og eg legg til: Uavhengig av kva du presterer.

Om dette når inn,
vil me då fostra ein generasjon egoistar?

Faren er der.
Men:
Naboen din, kollegaen din, innvandraren, den eine innbyggaren i storbyen
er også verdifull og unik.

Den eine er verdifull - det sikrar menneskeverdet
den andre er også like verdifull; 
har likeverd
 - det krev solidaritet

Derfor må neste generasjon få høyra det gong etter gong etter gong:
Du er verdifull og det er alle dei du møter også.




mandag 6. august 2012

Kven vil du folk skal tru du er?

Han var: han som gjekk konkurs
Dei var: dei som mista sonen sin
Ho var: henne som blei så tidleg sjuk
Ho var: henne som ikkje lukkast
Han var: han som tråkka feil
Dei var: dei som var utsett for ulukke

Kven er eg?
Eg er henne som var...
henne som gjorde...
som måtte...

Eg har mange ulike forteljingar
om meg sjølv.
Når eg vel å ta fram ei av dei,
gjer det noko med meg.
Den forteljinga får større plass i tankane,
i livet.

Alle forteljingane er sanne,
slik eg ser det.
Og av og til må dei fram,
den eine etter den andre.

Men sånn til kvardags
i møte med han og henne
vil eg ikkje definerast utifrå
noko vondt eller vanskeleg.


Dei vil alltid vita det, kjenna på det:
- han som gjekk konkurs
- dei som mista sonen sin
- han som blei så tidleg sjuk
- ho som ikkje lukkast
- han som tråkka feil
- dei som var utsett for ulukke

Det vonde vil dei ha med,
men vegen vidare treng ikkje skiltast med det!


Les om ein som er å mykje meir enn sin eigen lagnad
her

Same tema er også plassert på Mormors klagemur  her

lørdag 4. august 2012

80 % arbeidsfør. 100 % verdi?

Etter ein lang prat om dei gode og vonde dagane i livet, konkluderer han med at kroppen skal tåla fullt arbeid ei stund til, trass alvorleg sjukdom. Då han skal til å gå, kviskrar han: Men om eg går ned til 80 % stilling, har eg jo likevel same verdi. Ikkje sant?

Og eg som trudde at det var dei som blei heilt arbeidsuføre som tenkte slik, dei som blir til overs, me som blir til overs, som opplever oss på utsida av arbeidslivet, ja, av og til på utsida av sjølve livet.

Er det eige ynskje om å vera frisk, yta maksimalt som gir slike tankar? Eller er det redsla for å bli kalla trygda, underforstått; ein av dei som ikkje prøver nok? Eller er det haldningane me har, om me ynskjer det slik eller ikkje, som automatisk koblar prestasjonar opp mot verdi?

Dette har eg tenkt ein del over sidan eg sjølv måtte bita i det sure eplet og innrømma at kroppen måtte over i ein ny fase, ein fase utan fysisk belastning. Siste åra har eg reflektert over dette:

100 % ufør - 100 % verdi

Klar for presentasjonsrunde: alle har rekkja klar; med namn, bustad, arbeidsplass og tittel. Så er det min tur. Rekkja mi er kort: namn og bustad.

Så blir det vanlegvis heilt stilt. Og eg må leggja til for å ta vekk den pinlege stemninga: eg er arbeidsufør, og så legg eg til som ei slags orsaking, den kortaste eg får til: Ja, ryggen er øydelagt.

Den andre varianten oppstår ved direkte spørsmål ved småprat med høflege frasar:
- Ja, kva driv du på med, sånn til vanleg?
- Ingenting
- Men …? Kven representerer du, sidan du er her (fast spørsmål på ein del møte eg deltek på)
- Ingen.
Pause. Så må det ei forklaring til, alt utifrå kven eg er saman med. Eg legg til:
- Livet er annleis enn før, men eg har eit godt liv.
Så får me ofte ein god samtale om det gode livet.
- Eg kjem til å leggja meg på golvet, seier eg, - for at de ikkje skal tru det er krise når eg faktisk gjer det.
- Ikkje syns synd på meg når eg gjer det. Det er for ikkje å bli dårleg.
Så får me ei god samtale til; om tilpassing, deltaking og liknande. Og neste gong det er møte, har arrangørane av møtet ofte lagt til rette for ein god liggjeplass. (Takk til gode NRK-medarabeidarar som ordna god madrass på møtet i Kringkastingsrådet utan å vera bedne om det.)

Eg kunne ha gått utanom. Eg kunne ha presentert meg med titlar eg tidlegare har hatt. Eg gjorde det den første tida då oppgåvene eg hadde hatt låg nærare i tid, men det er for dumt å ramsa opp kva ein dreiv med for snart ti år sidan. Dessutan kjennest det usolidarisk med dei som ikkje kan gjera det. Men av og til grip den eg møter tak i fortida mi og spør: Var det ikkje du som var direktør, ordførar og statssekretær?
- Å stakkars deg, no kjem du ingen veg, du som var så aktiv. Korleis har du det , eigentleg?
Og eg prøver å seia korleis eg har det, eigentleg. Helsa er til meir eller mindre bry, men møter eg rette mennesket, nyttar eg sjansen og legg til: Det som er utfordringa er faktisk å halda oppe sjølvtilliten. Og sjå seg sjølv i spegelen kvar morgon og seia at ingenting av det som verkeleg betyr noko, har endra seg. Eg har framleis 100 % menneskeverd.

Dette har eg halde foredrag om i over 20 år. Eg har vist plansjar med bilete av folk i senger, gamle og unge, mørke og kvite, den døyande og det ufødde barnet i mors liv. Livet har mange ytterpunkt, og å ha ein dårleg rygg er langt frå mellom desse. Likevel: Uroa er der. Kven er eg nå når eg ikkje kan prestera noko?

I slike stunder er det godt å halda seg til det objektive: Alle, har 100 % menneskeverd. Ingenting kan rokke ved det!

Ein kveld eg hadde eit flott knippe gjester samla rundt eit festbord, gjorde eg noko som skulle visa seg å endra kvelden. Det var fleire rundt bordet som ikkje kjente kvarandre. Det var derfor nødvending med ein presentasjonsrunde. Gjestene ble bedne om å presentera seg med namn. Men dei fekk ikkje seia korkje kva utdanning, stilling eller posisjon dei hadde. Dei blei utfordra til å seia kven dei var: Korleis ville dei bli oppfatta som mennesket? Kva var viktig for dei? Runden rundt bordet blei annleis enn vanleg. Og det merkelege var: Heile kvelden blei prega av den uvanlege starten. Samtalane blei annleis.

NB! Desse opplevingane vil eg dela med fleire, ikkje fordi det er synd på oss som er arbeidsuføre eller for at de skal kjenna dykk dumme når de ikkje veit korleis de skal oppføra dykk i situasjonen som kan oppstå. Problemet ligg helst hos den som ikkje kjenner seg fortruleg med å vera i kategorien ufør. Men at andre veit at det kan vera ei utfordring, er i seg sjølv ei lita hjelp. Og formidlinga av at menneskeverdet er utan vilkår kan aldri gjerast konkret nok!