søndag 1. mai 2011

Frå ein liggjande ståstad

Under landsmøtet til KrF i helga fekk eg brått ein stor dose merksemd frå Knut Arild Hareide. I etterkant fekk eg også mange varme helsingar!

Knut Arild brukte store ord. Gjer det meg hovmodig?

Etter eit døgn i fred og ro på båttur har eg kjend etter. Eg kjenner på takksemd og tillet meg å ta imot den varmen eg har møtt. Det seier meg også at me tåler ein god dose gode ord. Så del ut ein bukett ved neste høve!

Dei fleste dagane er eg no oppegåande, med mindre pausar på golvet. Perspektivet frå golvet trur eg likevel vil fylgja meg vidare i livet, også om det kjem tider då eg ikkje treng ta liggjande "time-out" i løpet av dagen:


Posisjonen du har
gjer noko med deg.

Eg skal ikkje vera så hovmodig
at eg seier
at eg ikkje er hovmodig

men om du legg deg flat
er det ikkje så mange du kan sjå ned på!

3 kommentarer:

  1. Gle deg over gode ord Marit E! Eg kjende nesten klumpen i halsen der eg sat og høyrde - eg kjener meg heldig som har, og stadig får samarbeida med slike folk som deg og Knut Arild!
    Lukke til - eg skal frå min "ståstad" støtta dykk begge :-)

    SvarSlett
  2. Hei!

    Så kjekt å høre at du har bedre dager!

    I dag er en spesiell merkedag for meg! Jeg har tatt imot en 100 % stilling, har hatt min første arbeidsdag, og er ute av uføret! Gleder meg stort over at jeg har nådd målet mitt og nå har fått en jobb som jeg kan klare i full stilling.

    Lykke til med videre framgang helsemessig, og ikke minst en spennende høst!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med det steget, Beate. (Hugsar samtalen me hadde i Kr.sand). Lukke til med kvardagen, arbeid og politikk!
    Klem frå Marit Elisebet

    SvarSlett