tirsdag 1. november 2016

Alt vel?

Ja, for så vidt er alt vel. Eg sit og ser utover landskapet her ein nydeleg haustdag, med fargespel i trea og ein blikk stille fjord på Valen. Samstundes kjenner eg på ei uro.
Eg skal heim til Skudeneshavn denne veka for å vera med på SILK, Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival. Der skal eg presentera den nye bok mi, "Alt vel", ein historisk roman bygd opp om ein orkanaktig storm som herja i Øyafjord på Island 11.september 1884. Eg gler meg til det.
Samstundes kjenner eg på denne uroa.
No har eg halde ein låg profil i lengre tid. Er gått ut av politikken og er blitt eit "sivilt" menneske. Held ikkje innlegg eller skriv i avisene. Kosar meg berre med kulturuttrykka: maler og skriv. Alt i den grad helsa tillet meg det. Men det har eg lært å finna ut, og så lenge begge deler kan gjerast her heime, kan eg fint regulera både skrivinga og malinga.
Men no skal eg ut av bobla mi. Ein ting er det at eg må tåla kritikk av boka, positiv og negativ. Det er greitt. Men det er det å i det heile koma ut av bobla som uroar meg: Å vera samtaleemne rundt omkring. Og på den andre sida: Er det ikkje det alle som skriv ønskjer seg?
Eg brukte lang tid etter at eg blei arbeidsufør, på å finna meg sjølv på ny. Og no er eg glad for at den nye uføreordninga gjer at eg kan kalla meg meir eller mindre delvis ufør. Men lenge spurte eg meg sjølv kven eg er no som eg ikkje kan bidra i samfunnet lenger? Eller er det slik at eg verkeleg ikkje kan det? Det var derfor denne bloggen "Ut av uføret" blei til. I periodar skreiv eg mykje, både for å rydda i mine eigne tankar og i håp om at det skulle vera til hjelp for nokon. I det siste har eg skrive lite, og svært lite om eigne tankar og kjensler.
Det er som om eg har fått ein motvilje mot å dela for mykje. (Paradoksalt nok skriv eg om det no.)

Eg førebur innlegg til fem ulike arrangement denne veka. Konsentrerer meg om innhaldet, og kjenner inni mellom eit stikk bak skuldra når eg tenkjer på at eg skal ut av bobla.
Eg veit eg kjem til å møta trygge blikk, gode handtrykk, varme ord. Ikkje fordi eg har skrive "Alt vel", men fordi så mange kjente besteforeldrene mine på Øygarden og han Jakob i bakken. Mange snakkar også om mor og far med eit smil, og eg kjenner kor godt det er å ha gode røter.

Alt er altså vel. Og eg burde berre gle meg. Ja, eg gler meg til å møta folk. Og eg gler meg til søndag når alt er over.
--
PS: No er presentasjonen over eg eg er tilbake i Kvinnherad, overvelda over den varmen eg møter når eg kjem heim til Skudeneshavn.
Og bok kan du lesa meir om her.



lørdag 11. juni 2016

Vegguret - eller rettare sagt: Kroniske smerter

Vegguret står der
heile tida.
Går
heile tida.
Tikk takk, tikk takk.
Jo, tusen takk
for at det berrre er vegguret.
Er råd å få gjort noko, tenkt litt
når det berre er vegguret...
Slag som varslar halv og heil time
er ok,
dei kjem til sine faste tider
og alt har si tid.

Telefonen ringer.
Gir seg ikkje.
Eg tar han ikkje,
men han ringer.
Ikkje råd å få gjort noko,
tenkt noko
før han teier.

Så er det berre vegguret.
Tikk takk, tikk takk.
Takk og lov!

Brannalarm!!!
Må la alt liggja.
Får ikkje gjort noko.
Får ikkje tenkt,
ikkje på anna enn brannalarmen.

Falsk alarm
eller ikkje.
Eg liker ikkje brannalarm.

Nokon krev at det skal vera heilt stille
for at dei skal få gjort noko
tenkt noko.
Eg er godt nøgd med vegguret.

....
 Fleire tankar om meistring av livet slik det er, finn du her: Meistring i kvardagen



onsdag 23. mars 2016

Rop frå Tyrkia: Not gonna get used to it, not gonna stay silent!

Verda er blitt så lita. Dette skriv venninna til dotter mi på si Facebookside: "Safe, this time. Tell me, how many times can you die with every single attack towards your people? Not gonna get used to it, not gonna stay silent towards this government. But getting incredibly difficult to cope with the death risk we've all been facing, just for you to know. "

Og etter angrepet i Brussel og Istanbul var hjartesukket: "My heart is with all my friends in Brussels, the city which also has been a home for me last year. I know that for most of you here, Turkey, seems like a war zone and the attacks seem natural - at least what I perceived from the reactions, which is very sad for me - but I guess we all are facing with the same terror that has started to capture the whole world lately. I am hoping to have this empathy and stand together - no matter in which part of the world we're living - and stay strong."

Dotter mi seier at venene opplever at Europa ikkje ser på deira liv som like mykje verd, og det gjer henne trist!
-
Flott at dei unge ser verda som ein arena! Og me får vald og terror inn i stovene via skjermane våre, same kor langt borte hendingane er. Likevel: Er det slik at til nærare hendingane er, til større medkjensle har me? Må det vera slik om me skal leva med alt det vonde som skjer? Må me ha noko distanse til deler av vondskapen? Eller er det andre haldningar som ligg bak våre reaksjonar?

torsdag 11. februar 2016

Når livet snur


Når livet ikkje blir som planlagt. Når det snur – korleis taklar me det?
Det einaste som er sikkert her i livet, er at ingenting er sikkert. Og det gjeld alle. Opplevinga og det som møter oss, kan vera forskjellig, men endringar i planane blir det for alle.
Og av og til går det så mykje betre enn me frykta. «Det kan så lett gå godt», seier ein kjenning av meg. Og det er faktisk slik. Me tar ofte uro og sorger på førehand. Men så kjem dagen, og sorga vår blir gjort til skamme. Planen vår blei endra, heldigvis.
Draumen om det gode livet har ein hatt til alle tider. Då eg var lita ante eg at dei vaksne meir eller mindre på alvor håpte på at dei gode tidene skulle koma om dei fekk den store arven frå Amerika eller om dei vann i Pengelotteriet. I dag ser me på TV at Lotto skaper millionærar. Men så er det visst slik at ser ein på korleis det har gått med desse vinnarane, er det ikkje alle som har fått eit rikare liv om dei blei rikare. Livet snudde, men ikkje til det betre, for nokon av dei.
Det gode livet kan altså ikkje kjøpast. Og livet er ikkje svart/kvitt. Det som før syntest godt, er ikkje berre godt. Kan det då vera slik at det som før syntest vondt, ikkje er berre vondt?

Å søkja det gode
Som nyfødde kan me gi uttrykk for to kjensler eller to tilstandar: behag – ubehag, å vera tilfreds- ikkje tilfreds

tilfreds………………………………………………. ikkje tilfreds

Barnet vil gi signal til oss vaksne når det er på høgresida av denne aksen, om det er grunna svolt eller våte bleier. Så grip me inn og endrar tilstanden. Barnet blir tilfreds og roleg. Etter kvart får barnet språk og kan seia kva det treng.
Sjølv om sansar og språk endrar seg med alderen, trur eg likevel dette er heilt grunnleggjande. Me vil alltid søkja mot venstre: mot det som opplevest godt.
Det kan vera vanskeleg å vita kor vaksne ervpå denne aksen. For vaksne skrik ikkje når noko må endrast, slik barnet gjer når det treng mat. Nokon av oss gir lyd ganske fort, andre vil ikkje gi uttrykk for at dei er på høgresida i det heile. Å ikkje vera tilfreds høyrest lite alvorleg ut. Men om me bruker aksen som bilde på heile livet vårt, veit me at om sorg, alvorleg sjukdom ligg heilt til høgre, så er det dei store utfordringane i livet det gjeld. Men heller ikkje desse store utfordrinagene ber alle på utsida slik at andre kan trøysta, hjelpa til. Nokon ber det åleine, og det kan tenkjast at det gir seg utslag i kvardagen som me andre ikkje forstår, nettopp fordi me ikkje veit kva dei strir med. Den som har slite med psykiske problem, kan ha meir lyst til å skjula plagene enn den som kunne gå med armen i fatle slik at alle kan sjå kva som er problemet.

Endring bringer oss mot ubehag.
Kan eg våga å seia noko om korleis me kan flytta oss frå høgre til venstre på aksen behag/ubehag? Det finnest jo ingen fasit på korleis ein gjer det. Men når ein ser korleis einskilde kjem seg vidare etter at livet har gjort heilomvending og me har snakka lågmælt saman om desse endringane, er det råd å peika på nokre mekanismar som pleier å slå inn. Og psykologien seier også noko om kva som kjenneteiknar lukkelege menneske.
Det er ikkje snakk om å leva i den sjuande himmel og ha gode  kjensler heile  tida. Eg trur det handlar meir om å vera tilfreds, å ha kvardagslukke. Berre med ei slik definisjon av lukke gir dei fylgjande kjenneteikna på lukkelege menneske meining:
1.      Lukkelege menneske har gode relasjonar
Det er menneska ein lever saman med, dei gode stundene, den gode samtalen, å møta blikk, å få vera seg sjølv saman med andre, å vera trygg, å bli møtt med tillit, som kan skapa kvardagslukke. Ikkje pengar, posisjonar e l.
2.      Lukkelege menneske har meir fokus på godt enn best
Kanskje ein før i tida var flinkare til å setja meir pris på det ein hadde enn det ein helst ville ha. Ein var glad for mat på bordet, eige hus, trygg inntekt osv, mens me i vår tid har ein tendens til å setja oss så høge mål, både for helse og eigedom, at det alltid er noko som manglar?
For ei stund sidan, opplevde  eg at det vekte interessante reaksjonar då eg nytta orda «godt liv» sjølv om helsa set tydelege grenser for livet. Eg skulle presentera meg for eit styret som eg var blitt med i. Eg kjende ikkje dei andre i styrerommet. Sidan eg ikkje er i arbeid, hadde eg eigentleg ikkje stort anna enn namnet mitt å presentera meg med. Men eg måtte fortelja at eg kom til å leggja med på golvet med jamne mellomrom for at ryggen skulle la meg vera til stades på timelange møte. For å sleppa å gå inn på detaljar, gjorde eg prestasjonen kort og brutal: Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg, og ville ikkje byta med dei som har det motsett.
Ut på kvelden kom ein frå styret bort til meg og sa at han hadde tenkt over det eg sa heile dagen. Tanken på å ha det godt utan å ha det best, var ny for han. Og eg må innrømma at om nokon hadde fortalt meg for 20 år sidan at eg skulle kunne dra til møte i Oslo og presentera meg slik, og faktisk meina at eg har det godt, ville eg ikkje ha trudd det. For på den tida var perspektivet eit heilt anna. No er perspektivet frå golvet og opp, biletleg og konkret.
Perspektivet endra seg stegvis, men to hendingar, to uttalar frå legar, er som ekko i tankane mine og hjelper meg å halda fast på at livet er godt, også no.
-          Då eg første gong blei utskriven frå sjukehuset etter akutt inngrep i ryggen, blei det ikkje sagt så mykje om kor vidt det som hadde skjedd var alvorleg eller ikkje. Men då eg venta på drosjen for å dra heim, sa legen: Ja, no kan du gå ut til bilen som ventar deg, Du er heldig. Andre som har kome inn med ein rygg som din, er blitt trilla ut i rollestol.»
-        Ved ein større operasjon nokre år seinare, måtte eg skriva under på at eg var klar over at det var risiko forbunde med operasjonen. Dersom dei skada blodårene i ryggen, kunne det vera at eig ikkje vakna att. Eg tenkte at dette nok var utanlandsk forsikringsordning. Sjukehuset ville syta for at eg tok ansvaret sjølv. Så eg skeiv under, utan den store ettertanken.
Då eg vakna frå narkosen, sat legen ved senga mi. Han fortalte med korte setningar at det hadde gått bra. «Me kutta i ei blodåre, men fekk sydd igjen i tide. Eg er på vakt i natt. Meld frå om det er noko.» Så gjekk han, og i ettertid har eg skjønt kva som ligg i orda «I'll say this only once». Ingen nemnde dette med blodåra etterpå. Først i etterkant har det gått opp for meg at dei stinga dei sydde, gav meg livet. Det er ikkje råd å forstå det fullt ut, men det gjer noko med perspektivet. Ein kan nærma seg tanken på at livet er godt om det ikkje er best.

3.      Lukkelege menneske opplever meining og kontroll i eigne liv og gjer gode val.
Det er her det brenn. For det synest umuleg å finna meining, ha kontroll og ta frie val når livet snur alt på hodet.
Men:
-          Meining
Å oppleva meining kan vera vanskeleg når ein ikkje forstår det som skjer og kvifor det skjer. Men det er skilnad på å oppleva meining og å ha meining. For meg gir det meining å ha ei kristen tru, ei overbygning og eit fundament for livet som ikkje byggjer på mine kjensler eller opplevingar, men som eg ser på som noko reelt, noko som er der. Noko som er større enn meg, og som dermed lar meg leva i tillit til at eg ikkje har heile bildet av tilveret eller livet mitt. Men om eg ikkje mister trua på ei støre meining, kan eg likevel miste livsmotet.
-         Kontroll
Me vil gjerne ha kontroll. Men i all endring vil me til tider oppleva at me mister denne kontrollen, i samband med jobb, alder, sjukdom, død, økonomiske forhold, familie, relasjonar m m. For ikkje å snakka om ved krig og katastrofe der heile livsgrunnlaget skjelv.
-         Gode val
Likevel: Om ein strever med meining og kontroll, kan ein gjera gode val. For me kan alltid gjera val, sjølv om me ikkje har alle valalternativa me hadde før eller kunne ynskt oss.- Det gjeld å nytta dei alternativa ein har. Det er det som på fint blir kalla meistringsstrategi.
Eg møtte ein gong ein som studerte meistring som helsefag. Eg var fasinert av alt som blei sagt om meistringssenter og evna vår til å takla helseplager. Men så spurte eg han kva faget Meistring hadde å seia om det å ikkje meistra meistringa. Det hadde han ikkje noko svar på. Men det er nettopp då mange mister fotfeste. Ein vil så gjerne vera flink sjuk, tøff sørgjande, tolmodig bekymra mor og far. Men så brest evna til å vera flink, tøff og tolmodig og ein opplever å ikkje meistra meistringa. Det er då ein går i kjellaren, ikkje for å henta dei siste kreftene, som dei seier i idretten, men for å innsjå at det ikkje er fleire krefter, der og då. Då seier eg til meg sjølv: Sånn er det berre! Eg innrømmer for meg sjølv at dette er ille. Eg liker ikkje situasjonen. Eg er skuffa over at det blei slik. Er litt lei av å streva. Slik tillet eg meg å tenkja. I små dosar. Til eg finn kjellartrappa og går opp i lyset att. Men alt er ikkje straks heilt i vater. Av og til må ein då leita seg fram til noko å gjera, fylla tanken med, som tar plass i kvardagen. Og her er me så ulike at det å flytta tanken kan gjerast ved å hogga ved, gå tur, snakka om veret med naboen, sjå krim, skriva eller lesa. Ikkje for å flykta frå realitetane, men for å få pusterom. Nokon vil kanskje oppleva at også det krev for mykje. Ein kan ikkje anna enn berre vera til, ta ein dag om gongen. Ei mor som brått mista guten sin, fortalte at då meldinga kom, stansa verda opp. Målet blei å makta å leva ein halv time vidare, så ein time til, så over til neste dag. Til ho til slutt tok del i sitt eige liv på nytt.

Men kan slikt gi meining, kan slike val gjera oss lukkelege att, eller for å vera meir nøkterne: Kan det gjera oss meir tilfreds, mindre ulukkelege? Ein blir ikkje mindre ulukkeleg av og hogga ved eller sjå krim. Sjølvsagt ikkje. Men om ein flyttar tanken slik at timane og dagane går sin gang, kan kvardagsluka dukka opp som ein bieffekt. Ikkje med full styrke over natta, men i små dosar, og etter kvart slik at livet er til takla. Ein kan ikkje gå nokon stad å henta lukka. Noko må skje inne i oss som gjer at me kan sjå at den framleis finnest.

Det blei som det blei, i mange sine liv. Oftast hadde me ikkje skuld i det. Oftast hadde me ikkje objektiv skuld; Det var ikkje noko me gjorde med vilje som førte til at alt blei mørkt. Det er heller ikkje ein slik  årsak-fylgje-samanheng i den kristne trua: Gud straffar ingen med sjukdom og sorger. Det vonde finnest i verda, og me merker alle konsekvensen  av det. Men eg trur ikkje på ein Gud som deler ut sjukdom og plager etter «som me fortener det». Då er det heller slik at det vonde rundt meg fortel meg at Bibelen snakkar sant om livet og verda: Mørke og lys finnest.
Men om me ikkje har skuld i at livet blei slik det er, har me eit ansvar for det som kjem etterpå, i den forstand at me har ansvar for dei val me gjer, blant dei val-alternativa me faktisk har.
For nokon kjem endringar i livet som ein bråstopp. Ved ein bråstopp mister ein ballansen, blir ståande å virra om ein ikkje dette over ende. Så må ein reisa seg, finna att balansen, sjå om føtene ber vidare på vegen for så å staka ut kursen vidare.
For nokon kjem endringar over tid, men mekanismane blir dei same når ein møter dei: Ein må summa seg, ta ut kursen vidare. Det blir kanskje ikkje ein kurs som ligg fast, men ein som må justerast etter som dagane går.

Don't worry! Be happy!
Det finnest mykje lettvint trøyst. Trøyst som ikkje trøystar, som i songen «Don’t worry, be happy!» Det siste eg har funne frå den engelskspråklege verda er rådet: Get better! Not bitter!» Først synest eg dette var svært så lettvint. Men så tenkte eg litt over det, og kom til at det er noko i det. Det er ikkje alltid snakk om å bli betre i den forstand at ein blir frisk eller flinkare. Men ein blir kanskje klokare, mildare som mennesket; i stand til å forstå andre, gå nokre mil saman med andre som slit. For motgang gjer noko med oss. Då kan valet vera å bli bitter eller better. Å bli bitter kan vera som å lukka seg inne i det vonde, byggja veggar rundt seg og bli innafor desse veggene, gjerne samstundes som ein legg skulda på andre. (Og andre kan ha skuld, noko som er eit anna tema, som denne vesle teksten ikkje gir seg ut for å greia ut om).  Av og til kan det til og med bli slik at det som finnest innafor desse veggene er heile verda, heile livet, i den forstand at ein ser på seg sjølv eller definerer seg som «den som opplevde at…» eller «blei….» Og det utan at det var eit bevisst ynskje. Men kva vil me at andre skal seia om oss? Korleis vil me at dei skal omtala oss, presentera oss? Neppe som eit sjukdomstilfelle, ein vanskeleg lagnad.
Når alt snur, kan ein bli sint og fortvila og gi uttrykk for det. Det er lov, og det kan vera lurt å tillata seg å bli det. Det er noko anna enn å bli bitter.
 
I TV-programmet «Datoen» fortalte Fredrik Hauge om då han blei overfalt i sin eigen bakgård av sykkeltjuvar og fekk store skader. Då han blei spurt om det
var bittert å få slike skader på heimebane når han hadde oppsøkt risikofylte situasjonar i miljøkampen som han hadde kome lettare frå. Då svarte han at sanneleg hadde tjuvane gjort nok skade om dei ikkje skulle få gjera han bitter i tillegg.

Kven er eg når livet har snudd?
Om ei endring i livet fører til at ein ikkje kan gjere det ein før gjorde, prestera det ein før presterte, dukkar spørsmålet opp: Kven er eg no? For oss som ikkje kan delta i arbeidslivet lenger, blir dette eit påtrengjande spørsmål. Mange definerer seg sjølv utifrå stilling, oppgåver, tittel, arbeids – og fagmiljø. Kva når alt det forsvinn frå kvardagen og ein ikkje lenger kan presentera seg med anna en namn og adresse?
Det er då ein må minna seg sjølv på, og gjerne få hjelp av andre til å innsjå: Vår verdi er ikkje avhengig av prestasjonar av noko slag. Me har så lett for å forveksla posisjon og oppgåver med verdi. Rollene og oppgåvene i samfunnet får oss til å tenkja at nokon er viktigare enn andre. Og det er dei i nokre samanhengar. Men ingen har større verdi enn andre. Det er ei sanning ein må tvihalda på når livet snur. Og har ein lært det mens alt går på skinner, blir det lettare å kjenna på styrken i den sanning når alt det ytre raknar.

Endringa som er større enn at livet snur
Bli med på ein spasertur i hagen. På eit grønt blad finn me to larvar, grøne, lodne, mjuke, friske, mette og tilfredse. På bladet får dei alt dei treng for å ha eit godt liv. Men ein dag seier den eine:
-          Eg har høyrt eit rykte. Dei seier at det ventar oss mørke dagar. Me kom frå mørket inni eit skal og me skal venda tilbake til mørket innafor eit nytt skal.
Den andre trur ikkje noko på dette.
-          Nei, sjå deg om. Alt er grønt så langt auget kan sjå. Et! Nyt dagen! La deg ikkje skremma!

Så kjem dagen. Dei tar til å spinna eit nett rundt seg, som etter kvart blir hardt. Dei tenkjer ikkje over det, snakkar ikkje om det. Det er naturen som går sin gong, til dei er inne i mørket med eit tett skal rundt seg.

Der ligg dei, tilsynelatande livlause, og blir brotne ned. Men det er ikkje slutten. Noko nytt oppstår av det nedbrotne. Og når tida er der, sprekk skalet. Lyset fløymer inn.
Dette nye som møter dagen er annleis enn det som blei nedbrote. Det har eit større hjarte. Og det har venger.
Først fester det seg til ei kvist. Blir hengande nokre timar, så livskrafta
strøymer ut i dei tynne vengene. Så slepp det seg ut i lause lufta – og flyg.
Hagen har fått ein ny sommarfugl.
Sommarfuglen finn blomar med nektar, som han før ikkje visste fantest.
Han ser fargar så sterke som han før ikkje visste dei kunne vera.
Med venger han aldri hadde drøymt om å få
flyg han over hekken og ser og opplever alt det han før ikkje visste var til …

………………………
Fakta om sommarfuglen er henta frå leksikon. Eg les det i lys av  det Bibelen seier i Fil 3.10 og 21 om «krafta av hans oppstode»

Dette innlegget er på oppmoding skrive ned på grunnlag av eit foredrag eg hadde på Husnes bedehus, 4.2.2016
C: Marit Elisebet Totland 11.02.2016


Innlegg som eg tidlegare har skrive om temaet meistring finn du her:  Meistring
Eg fann fram penselen då livet snudde. Her finn du ein del av bildene eg har laga: Galleri Nauthydlaren
Bildene har endra seg etter kvart: Når bildene røper deg
Her er eit av dei:

 

søndag 29. november 2015

Grøn og rettferdig adventskalender

Er det råd å ha nedtelling til jul utan at det blir gåve- og godterikalender 
også i bestemor-og bestefarheimen?
I fjor laga me ein alternativ kalender som syntest å fungera slik me hadde tenkt. Med teikning av ein gut og ei jente som manglar det meste og lappar med "gåver som forandrer verda", fekk barnebarna sjøl gitt ei gåve kvar dag.
Me teikna desse ungane på eit lerret. Ei papp-plate kan også brukast.
Så klypte me ut gåvene frå ei utskrift frå gaversomforandrerverden


Desse pakka me inn i små pakkar
og hengte dei på ein vanleg kalender.
Inn i mellom var det ein lapp med "kakemannbaking" med bestemor og andre førjulsopplevingar.

Så kunne borna finna ein lapp kvar dag. Desse limte me rundt jenta og guten på plata. 
Når julaftan kom, hadde dei fått mat og framtid. 
Og bestemor måtte finna fram i nettbanken og overføra gåvene til dei som treng dei mest.

Dette er eit opplegg me svært gjerne vil at andre skal låna av oss. 
For dette blei jo eit ut-av-kjøpeuføre-opplegg.

søndag 11. oktober 2015

Gøymt, men ikkje gløymt



I årevis prøvde familie og samfunn å stuva vekk, gøyma dei det ikkje var plass til i samfunnet – fordi dei var annleis, eller fordi ein ikkje makta å ta seg av dei. Ved Valen psykiatriske sjukehus, nede mot sjøen, ligg ein gamal gravplass, lunt mellom over 100 år gamle lauvtre. Det er stille innanfor steinmuren. Nokre få gravstøtter helsar eit siste farvel. Men dei fleste gravene er merkte med ein flat, namnlaus stein i marka. I sjukehusarkivet ligg det kart som fortel kven som ligg her. På dei få gravstøttene som er der, kan ein lesa inskripsjonen «Gøymt, men ikkje gløymt».

Også på andre gravplassar finn ein desse orda som uttrykk for avstand til dei ein var glad i, og som no er borte. Men på denne gravplassen får ein andre assosiasjonar. Mange blei gøymde vekk frå resten av samfunnet på det som var Valen asyl. Men dei næraste, mors- og farshjarta, kunne nok likevel ikkje gløyma.
På gravplassen ligg ein stein i graset til minne om bestefar til Jon Lilletun. Jon hadde alltid visst at bestefaren kom til Valen, og han hadde levd i trua på at han var på sjukehuset i årevis. Arkivet fortalde han at bestefaren var mellom dei aller første pasientane på sjukehuset då det opna i 1912. Men han blei der ikkje lenge; berre kort tid etterpå døydde han av tuberkulose.
Me er komne fleire steg på veg ut av uføret når det gjeld haldningane våre til psykisk sjukdom. Men me har framleis eit stykke igjen å gå. Jon hadde eit ynskje om å besøka gravplassen på Valen, finna grava der bestefaren ligg, og fortelja om han til dei som ville høyra. Men han rakk det ikkje.
I bygda Valen har pasientar vore ein del av kvardagen i fleire generasjonar. Lenge hadde dei fleste som budde her, sjukehuset som arbeidsplass. Dei arbeidde direkte med pasientane eller i støtteapparatet – som snikkar, bakar, kokke, vaskar, bonde osb. I tidlegare tider var pasientar også plasserte i private heimar med tilsyn frå sjukehuset. Pasientar gjekk langs vegane, til og frå «koloniane» der dei budde og arbeidde. Mange av dei tyngste pasientane på Vestlandet budde her ei tid. Sjølv om det ikkje var dei med dei mest alvorlege lidingane ein møtte på butikken til dagleg, fekk barn og vaksne stor toleranseradius av å møta folk som oppførte seg annleis og hadde uventa kommentarar.
No bur eg i denne bygda. Eg meiner å merka at folket her er romslege i møte med ulike typar menneske. Det er ti minutt å gå frå heimen min til sjukehuset. Eg har til gode å høyra at nokon i nabolaget er redde av den grunn. På nærbutikken møter me framleis pasientar til dagleg. Etter tragiske episodar der psykisk sjuke har vore involverte, blir det debattprogram om menneske som er «tikkande bomber». Same dagen står barnebarna mine i kø ved kassa på butikken saman med pasientar og lærer ei lekse for livet som ikkje kan lesast ut av ei lærebok. Dei ser at det er forskjell på folk. Dei vil etter kvart oppdaga kven som er pasienten, og kven som er følgjesmannen. Men dei ser også at dei begge synest det er godt med is ein varm sommardag.

Utdrag frå artikkelen min "Forskjell på folk?" i boka "Røtter og vinger - et "matpakkeseminar i Jon Lilletuns ånd", Svein Helgesen (red.), Portal forlag 2015.

fredag 4. september 2015

Eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg.

Tid for å presentera seg. Kva seier ein då når ein er arbeidsufør og er i ein samanheng der alle dei ein møter vurderer kva dei kan forventa av deg framover, slik det til dømes er når du møter i eit nytt styre?
Alle andre seier kva dei heiter og kva stilling dei har. Eg er frista til å seia kva mi stilling er; ganske ofte "liggjande".  Men det blir for flåsete. Så eg seier at eg har eit godt liv, men ein dårleg rygg. Derfor kjem eg til å liggja deler av tida når me har møte. Og då må ingen bli forskrekka. For eg ligg for å kunne gjennomføra møta, ikkje fordi eg er spesielt dårleg den dagen.

Av og til seier eg ingenting. Særleg ikkje dersom eg er i større forsamlingar. Sist eg var på konferanse la eg meg berre ned. Etter eit par pausar kviskra eg til han som sat ved sida av meg og forklarte kvifor eg la meg ned. Han såg på meg og sa: Tusen takk! Då skjønte eg at det ikkje er for min del eg skal seia i frå, men faktisk for dei andre si skuld: så dei ikkje blir usikre og lurer på om dei skal tilby hjelp.

Eg har eit godt liv og ein dårleg rygg, og vil ikkje byta med dei som har ein god rygg og eit dårleg liv. Nesten alle dagar meiner eg det av eit heilt hjarte. Men av og til saknar eg den gode ryggen...

tirsdag 4. august 2015

Når bildene røper deg...


Tilfeldigvis blei dette bildet frå tunge tider ståande ved sidan av det siste eg malte: av livet på klyverbommen:
Pensilføringa har nok endra seg ganske mykje på sju år. Men motivval og stemning er truleg det mest slåande.
Tidene endrar seg heldigvis...

Fleire bilde er du velkomen innom nettutstillinga på Galleri Nauthydlaren for å sjå!



mandag 18. mai 2015

Nokon går på jobb. Andre går på veggane.

Eg snappa opp kommentaren her ein dag, og tenkte at det er nok mange som har vore inne på den tanken, av og til.
Å gå ut av arbeidslivet er for dei fleste å ta fatt på ein heilt ny del av livet, ein del som er annleis enn det ein hadde planlagt og tenkt. Heldigvis går dei fleste ut av arbeidslivet ved oppnådd aldersgrense, men eg har likevel møtt mange dei siste åra som har hatt opplevingar som minner om dei eg sjøl hadde då eg heilt ufrivillig måtte lukka den døra.

Mykje er godt med å vera sin eigen herre, både for dei som er komen i "rett alder" til det, og for oss som har ein kropp som ikkje spelar på lag. Men mykje er også så heilt annleis og så vanskeleg å førebu seg på.

Det er ikkje godt å vita på førehand korleis det blir
- når telefonen ikkje lenger ringer og gir deg nye oppgåver
- når det ikkje lenger er nokon å arbeida saman med mot felles mål
- når døgnet og veka ikkje lenger har ein rytme
- når du må tenkja "det er ikkje eg som skal gjera noko med det" når du høyrer om utfordringar
- når du ser at du verkeleg ikkje var uunnverleg der du var.

For meg har det vore viktig å ikkje lukka alle dører og vindauge, men heller prøva å finna nye. Mange av dei nye vindauga er digitale. Eg vil vita kva som skjer, snakka med folk, bryna meg på andres synspunkt og ha ein vid horisont. Elles blir kvardagen min så liten. Det blir så lite å snakka med folk om. Og då blir det færre å snakka med for kvar dag. Det blir ein vond sirkel.
Eg vel å nytta Twitter, Facebook og blogg til å ha vindauga opne. Gi signal, få inn signal! Desse digitale romma er det som me gjer dei til. Eg vel mine kontaktar, og opplever at sosiale medier på den måten blir eit middel, ikkje eit mål. Fordi eg ikkje vil gå på veggane. 




søndag 10. mai 2015

Kampen om kvardagen

Eg gir meg ikkje 
seier ryggen. 
Eg gir meg ikkje eg heller 
seier tanken 
initiativet 
motet. 

Nei vel, 
seier ryggen. 
Då får me dela 
på 
tida og kreftene.