onsdag 30. januar 2013

Sosiale medier kan sørgja for sorg

Så var han her, dagen då eg må sletta telefonnummer frå kontaktlista på telefonen. Alltid like trist.  Og telefonen er med i sorgprosessen. For no fattar eg at det er for seint å ringa.

Det kjem ikkje epost, så adressa kan slettast der og. Statusoppdatering på Facebook blir det heller ikkje.

Sosiale medier drar merksemda mot skjermar, men dei kan også dra merksemda mot medmennesket.
Når nokon opplever dødsfall i familien, hender det at folk dei møter på gata dei første dagane, skuggar unna. Dei er redde for å møta blikket, seia dei første orda, velja feil ord.

Ein far som mista barnet sitt i krybbedød sa: Noko av det vanskelegaste er at folk blir så brydde.

Mange sørgjande ynskjer å kjenna at det er nokon der saman med ein, samtidig som ein får vera i fred. Presten Asbjørn Salthe hevda at sosiale medier har gjort det enklare å visa omsorg (NRK, 29.2.13). Ein mann som var i sorg og ein annan som ville visa si støtte, meinte det same: "Det er enkelt å klikka "like" eller skriva "trist". Det skal mykje meir til å ta ein telefon."

Tenk om dei synest eg ikkje kjenner dei godt nok til å vera så påtrengande at eg tar kontakt, tenkjer nokon. På sosiale medier blir du ikkje påtrengande, ikkje om du er vanleg høfleg.

Far min døydde for ikkje lenge sidan. Han blei 87 år og levde 42 år etter at alle trudde han skulle tapa for ein farleg sjukdon. Det var ingen brå død, men ein heilt naturleg avskil med ein me var glade i. Ikkje mange timane etter at me hadde varsla alle dei næraste, var barn og barnebarn på sosiale medier, særleg Facebook. "Helten min er vekke", skreiv ei. "Kongen i bygda er vekke", skreiv ein annan. Andre la ut bilete av seg sjølv saman med bestefaren då dei var små. Me som høyrte til mellomgenerasjonen brukte litt andre ord og uttrykk. Men alle opplevde me det same: Ei bylgje av varme helsingar.

Og me visste: Det var fleire enn oss som hadde sett pris på far vår, som familiemann, ven, nabo, kulturarbeidar - ja, som den originalen han var, og ikkje hadde noko i mot å vera.

Og ikkje minst, me opplevde vilje, ynskje om å trøysta, vera der for oss. Dei fleste gav korte, varme ord på Facebok. Andre sende lengre meldingar eller SMS direkte til oss. Ikkje alt skulle lesast av alle.

Sosiale medier er ofte betre enn sitt rykte. Det er med det som med alt anna som berre er verktøy; Så lenge det er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv, kan det brukast positivt, også til å hjelpa kvarandre i sorga.

..
Det er gått ein manad sidan gravferda, og det dukkar opp nye trådar på Facebook der ein minnast far, no når det ikkje er naturleg for dei eg møter å snakka om at far er borte. Det gjer ufatteleg godt, sjølv om, eller kanskje fordi så mange hugsar han med eit smil: Her som visevert i eit brullaup: Facebooksida: Du vett du e frå Skuddnes når ...

PS
Så er det kanskje i tastesamfunnet som i kvardagen elles; dei du møter responderer på korleis du er, det er ikkje berre deira eigen veremåte som avgjer korleis eit møte blir. I boka "Sosial kommunikasjon", som eg fann i postkassa i går) skriv Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen:

Åpne mennesker opplever også å få støtte på Facebook til hjelp i vanskelige livssituasjoner og sorgprosesser. Det å kontakte et menneske i sorg er vanskelig, det vet alle som har prøvd. Det er noen mekanismer som gjør at vi vegrer oss for å ta kontakt. Å være støttende på Facebook er enklere fordi disse mekanismene er borte her. Støtte betyr mye uansett om støtten kommer på Facebook eller ansikt til ansikt. - Bokmelding finn du her: Dei skriv om oss.


16 kommentarer:

  1. Er så enig, ofte er sosiale medier bedre enn sitt rykte, har sjøl opplevd denne gode sida, om enn under litt andre omstendigheter enn de du skriver om her!

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppdaga etter kvart at både Facebook og Twitter hadde eit litt skjult liv, som kunne vera ei støtte når ein trong det mest.

      Slett
  2. Det er mange måter å hylle en avdød og trøste de etterlatte på. Sosiale medier kan også brukes.

    SvarSlett
  3. Det er lett å glemme de positive sidene ved sosiale medier. Her nevner du en, som jeg også har hatt stor glede av og også funnet trøst i. Det er lettere å "si" på facebook at man savner noen enn å si det til en bekjent du treffer på butikken fem minutter senere. Og det kan være lettere å vise medfølelse eller si noe passende når man har et skjermfilter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkommen innom her, fru Storlien!
      Ja, me trur me er så direkte og modige, men nokon gonger treng med skjerm og skjerming utan at det inneber at me vil vera åleine.

      Slett
  4. Jeg er enig med deg i at sosiale medier virker positivt akkurat der. Så er det jo alltids dette med at bryderiet ved å ta en telefon, sende et brev e.l. også teller og at kondolanser eller gratulasjoner i sosiale medier noen ganger kan bli litt platte, men likevel ikke alltid.

    SvarSlett
    Svar
    1. Me får satsa på at begge deler kan bli vidareført, den direkte kontakten kombinert med meldingar. Og eg synest eigentleg at mykje av gladhelsingane fort blir platte på Facebook. Derfor blei eg overraska då eg sjølv opplevde det varmt, ekte og støttande.

      Slett
  5. Er veldig enig i det du skriver. Sosiale medier gjør terskelen lavere for å bry seg når noen har det vanskelig. Det ER lettere å sende en melding enn å ta opp telefonen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje også lettare å ta ein telefon etter å ha sendt ei melding?

      Slett
  6. Det er et interessant tema du tar opp her.
    Sosiale medier er en effektiv måte å nå folk på, med budskap om både glede og sorg.
    Og det er en enkel måte å nå ut med en varm hilsen og vise at man har noen i tankene.
    Det skal litt til å ta en telefon eller møte opp i en begravelse, man vil jo ikke "trenge seg på", men en hilsen på facebook vet man som regel er velkommen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig.
      Håper ikkje nokon opplever det som å "trengja seg på" om ein møter i gravferd. Men det var kanskje heller ikkje det du meinte?

      Slett
  7. Ja :-) Brukt med måte og omtanke
    Ha ein god kveld der i sørvest :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. "Måte og omtanke" er ei fin oppskrift, spør du meg.

      Slett
  8. Har nettopp mista en god kollega, hun døde etter en langvarig kreftsykdom. Hun brukte tida mens hun var syk til å skrive blogg. Her fikk vi del i hennes kloke tanker. Etter at mannen hennes i går skrev innlegget om at hun hadde sovna inn, har det strømma på med kommentarer, nå er tallet oppe i 191. Det ser jo litt rart ut når 66 har trykka "Liker", men det er også en måte å si "kondolerer" på. Det må kjennes litt godt for de etterlatte at så mange viser sin støtte.

    SvarSlett
  9. Ikkje alltid "liker" er dekkande for det ein meiner, men det er eit symbolspråk, og når det gjeld dødsfall er alle inneforstått med kva det skal fortelja. Eg trur du har rett i at det kjennest godt for etterlatte.

    SvarSlett