lørdag 9. juni 2012

Som har skoen på..

Det var så vidt dei kunne kallast sko,
heilt par var dei heller ikkje lenger
då holet fremst på den eine blei stadig større
og helkappa på den andre var nedtrødd.
På sida seig somarregn og vinterslaps inn til tå og hud
og snøringa stramma det den kunne for å halda foten på plass
inne i resten av det som hadde vore ein sko.
- Det går på eit vis, sa ho
då ho såg at me kika ned på føtene hennar.

- Eg forstår deg så god,
sa han.
- Eg hadde også eit par sko som var litt for store ein gong.
Dei var ikkje gode å gå med,
men det gjekk over,
sa han
trøystande.

5 kommentarer:

  1. Det meste går på et vis.
    Takk for ord til ettertanke.
    Mormorklem

    SvarSlett
  2. Takk for kloke og poetiske ord.

    SvarSlett
  3. Virkelig til ettertanke.. Tusen takk.

    SvarSlett
  4. Den var djup - og rett på spikeren! Eg likar spesielt godt at orda "ein gong" er med i vers to. Vi har då sanneleg hatt litt å slite med vi med for store sko også. I alle fall ein gong eller to... ein gong.

    SvarSlett
  5. Takk for gode kommentarar, Annemor/mormor, Gamle ugle, trollmor og Sprettstein. Ein flott gjeng å få kommentar frå. Sjå berre på namna!

    SvarSlett